Grendeutvala i Olden, Innvik og Utvik aksjonerte for fullføring av fylkesveg 60 i dag. I dag vart lovnadane til fylkespolitikarane spikra opp på banner mellom Olden og Innvik.
To av aksjonistane er Jogeir Agjeld og Ketil Hansen.
– Vi har lyst å minne fylkespolitikarane på kva dei har lova. Vi går ut frå at dei står ved det dei har sagt, dette er berre ei påminning, slik at ikkje pengane plutseleg blir trekt tilbake, seier Agjeld.
Vil behalde pengane
Det er om lag 5 kilometer med dårleg veg som står att etter at to kilometer med ny veg på strekningen vart opna i slutten av juni.
- LES OGSÅ:
Aksjonistane har stor tru på at utbetringa av det som er karakterisert som Noregs verste veg blir realisert.
– Vi trur så absolutt at viljen er til stades det har alle dei politiske partia stadfesta. Så det er berre å finne metodar for å løyve dei midlane som trengst.
(Saka held fram under bilete)
Dei viser til at ein del av politikarane meiner pengane finst.
– Sånn som vegen vil den uansett koste pengar. Det rasar, vegen sklir ut og har eit veldig vedlikehaldsbehov. Ein kan velje å bruke pengar på vedlikehald av ein veg som er til forfalls eller ein ny trygg veg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Står ikkje på fylkespolitikarane si sakliste
Men finansutvalet i Fylkeskommunen har ikkje pengar etter at dei må gjere enorme kutt som følgje av det nye inntektssystemet. Dermed kan det komme kutt. Det fryktar dei tre grendeutvala som stod bak dagens synlege markering.
– Fylkespolitikarane må prioritere å bruke dei midlane som allereie er løyvde på å fullføre vegprosjektet, slik at alt er klart for å bygge vegen når midlane kjem. Det er 8,7 millionar kroner som manglar til prosjekteringa, seier Agjeld.
Fylkestinget har møte tysdag 14. oktober, og sjølv om vegen ikkje står på sakskartet håpar og trur vegforkjemparane at vegen blir tema.
– Så lenge vegen ikkje er ferdig er den tema. På sakskartet er planen til fylkestingspolitikarane å trekke tilbake prosjekteringsmidlar som ikkje er brukte. Det vi ber om i dag er at pengane blir ståande til prosjektering, seier Agjeld.