Hopp til innhold

Aksjonerte for Simon (9)

Laurdag ettermiddag markerte omlag 400 personar i Florø si støtte til ni år gamle Simon Thaye.

Aksjonerte for Simon

Folk gjekk rundt Lilleåsen for å markere støtte.

Foto: Simon F. Solheim / NRK

Den eritreiske guten og faren vart sendt tilbake til Italia då dei fekk avslag på søknaden om opphald i Norge. Der har dei budd i ein park under open himmel.

Utsendinga har vekt sterke kjensler i Florø, der Simon har knytt mange band etter å ha budd i 18 månader.

Sjå bileta frå markeringa

- Flott og verdig

Kåre Leif Hollevik i støttegruppa er nøgd med oppmøtet i ettermiddag.

- Det var ei verdig og flott stund ved Lilleåsen i Florø. Folk her er opptekne av at han skal komme tilbake. Dette er ein gut som går for lut og kaldt vatn, utan nokon heim i Sør-Italia.

Trur han kjem tilbake

Han seier at omlag 400 personar i alle aldrar møtte for å prøve å danne ein ring som gjekk rundt åsen.

- Folk heldt kvarandre i hendene og stod i ei stille markering. Deretter gjekk vi rundt Lilleåsen eit par gonger.

- Trur du Simon kjem tilbake?

- Ja, det er eg overbevist om og vi skal forfølgje saka lenge. Vi vil halde fram med å påpeike at dette er brot på barnekonvensjonen

Les også: Alt om Simon-saka