NRK Meny

Dette herremåltidet er laga av mat som eigentleg skulle kastast

SOGNDAL (NRK): Elevane på folkehøgskulen i Sogndal går til verks for ei miljøvenleg samfunn, med kreative verkemiddel.

Sogndal fhs elevar forsyner seg med mat

SØPPELMAT: Eit måltid med fruktsalat, blomkålsuppe, ostefat og arme riddarar laga på mat som eigentleg skulle kastast. Butikkane har gitt maten til Sogndal folkehøgskule til deira aksjonist-dag.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

På folkehøgskulen i Sogndal er det full aktivitet på kjøkenet. Fleire elevar står ved benkane og renser grønsaker, kuttar frukt og kokkelerer.

På benkane står frukt og grønsaker, i ein stor kjele putrar blomkålsuppe, og nokre fint tillaga snittar ligg på eit fat.

– Det her er mat som eigentleg skulle kastast. Vi har fått den av butikkane, og den skulle eigentleg hamna i bosset i dag, fortel elev Elin Nordenberg.

Av råvarene skal dei lage lunsj og middag til medelevane ved skulen. Vi nordmenn kastar i snitt 42 kg mat kvar i året, skreiv NRK i fjor.

Det vil berekraft-gruppa bidra til å få slutt på.

– Så her lagar vi krutongar som vi skal bruke til blomkålsuppa, peiker Nordenberg bort på ei skål med brødbitar.

elevar ved sogndal fhs lagar mat

KOKKAR: Synne Skjønesfjell og Elin Nordenberg (t.h.) kuttar poteter som butikkane har gitt til folkehøgskulen i stedenfor å kaste i bosset. Det er for å vise at mykje av maten vi kastar er fullt mogleg å ete, fortel elevane.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Skule for rettferdig handel

Organisasjonen Framtiden i våre hender samarbeider med mange folkehøgskular for å lage ein meir berekraftig skulekvardag.

Gjennom året har elevane blant anna hatt besøk av Frida Ottesen som var med å lage Aftenposten sin serie om klesproduksjon, Sweatshop.

I tillegg har elevane ei berekraft-gruppe, som har hatt liknande aksjonar med å lage kvelds til heile skulen av mat som hadde blitt kasta om dei ikkje hadde tatt det i bruk.

– I dag har vi elevar som bygger matsorteringssystem med vaktmeisteren. Nokre skriv tekstar som dei skal prøve å publisere ulike plassar, og nokre lagar filmsnuttar. Og ein gjeng er borte på senteret for å finne ut kor mykje butikkane veit om kvar kleda dei sel er produserte, fortel Mathilde Buch Larsen.

Ho er lærar på skulen og organiserer dagen.

Sogndal fhs elevar lagar mat

SNITTAR: Inger Lise Valøy og Helen Skutlaberg lagar snittar fylte med laks, guacamole, salat, sennepssaus og andre godsaker.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Annleis aktivisme

Om du brukar appen Jodel kan du også sjå nokre av elevane sine aksjonar i praksis.

«jeg gikk meg over sjø og land, der møtte jeg en hval med magen full av plastikkposer, bruk handlenett eller sekk folkens», kan du lese på appen om du er i området rundt Sogndal i dag.

Målet med dagen er at elevane skal ta med seg kunnskapen og verdiane dit dei reiser etter folkehøgskuleåret.

– Mange får seg ein tankevekkar om at det er rart at systemet er som det er. Kanskje det begynner å snurre i hovudet. Så det er veldig fint at vi får desse tankane med oss vidare ut i arbeidslivet, seier Elin Nordenberg.

Dumpster-mat

REDDA FRA SØPLA: Ost og frukt som ikkje kan selgast i butikken vart til ein luksus-lunsj på folkehøgskulen.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK
På ei av verdas brattaste jernbaner blir skinene ekstra slitte av mykje bremsing. Det krev mykje vedlikehald, før sesongen startar for fullt.
Bilder fra landbruks-og matministeren sitt møte med sinte bønder i balestrand.
12 år gamle Linea arrangerer konsert til inntekt for forskning på den uhelbredelige sykdommen, som ein god ven fekk for ei tid sidan. Og 7.-klassingen venter fullt hus.