NRK Meny
Normal

Fylte opp buss for å vise misnøye mot skuleplanar

Elevar, foreldre og politikarar i Høyanger aksjonerer mot skulenedlegging. Med hjelp av ein buss, skal dei vise at det blir vanskeleg å pendle frå Høyanger til Førde.

Bussaksjon

PÅ BUSS TIL FØRDE: Elevane på Høyanger vidaregåande skule må truleg pendle til skulane i Førde.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Dei skal få sjå, svart på kvitt, kor lang tid det tar frå vi startar å rulle i Høyanger, til vi kjem til skulane i Førde, seier ordførar Petter Sortland i Høyanger kommune.

Han var ein av passasjerane på bussen som onsdag morgon gjekk frå Høyanger til Førde. Med på turen var også elevar frå Høyanger vidaregåande skule, foreldre og representantar frå næringslivet. Målet var å vise fylkespolitikarane at det blir vanskeleg å pendle denne strekninga.

Pendling kan nemleg bli den nye kvardagen til dei 170 elevane på Høyanger vidaregåande skule. Den nye skulebruksplanen, som blir vedteke i juni, vil truleg gå inn for redusering av talet på vidaregåande skular i fylket. Då kan Høyanger bli ein av fleire nedlagde skular.

65 kilometer

Høyanger-ordførar Petter Sortland er kritisk til forslaget om å legge ned skulen i Høyanger.

– Det heng ikkje på greip! Vi er den kommunen som har lengst reiseavstand til ein ny skule. Det er 65 kilometer frå Høyanger til Førde, seier han.

Bakgrunnen for bussaksjonen onsdag morgon, var å sende eit signal til fylkespolitikarane.

– Dette er for å vise politikarane kva dei er i ferd med å utsette Høyanger-elevane for i framtida, seier ordføraren.

– Krevjande

Også elevrådsleiar på Høyanger, Mira Nese, var med på bussturen. Ho meiner at pendlinga blir vanskeleg.

– Det er ganske krevjande å sitje på ein buss i nærare tre timar kvar dag, for så å gå på skule, seier ho, og fortel at ho fryktar for framtida til Høyanger.

– Om skulen blir lagt ned, så er det ingen grunnlag for å flytte tilbake til Høyanger. Difor trur eg det vil gå dårleg med Høyanger om skulen blir lagt ned.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mira Nese

FRYKTAR FRAMTIDA: Elevrådsleiar Mira Nese trur det kan gå dårleg med bygda dersom Høyanger vidaregåande skule blir nedlagt.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Eit alternativ til pendleavstanden er å flytte på hybel. Men elevrådsleiaren trur mange ikkje føler seg klar for det.

– Eg, som femtenåring, var ikkje klar til å flytte på hybel då eg byrja på vidaregåande. Og eg trur det er mange som vil slite med å flytte på hybel, seier ho.

– Ei katastrofe

På bussen sat også representant for næringslivet i Høyanger, Karl Magnus Gudvangen. Han trur ei nedlegging vil få store konsekvensar.

– Det vil vere ei katastrofe for Høyangersamfunnet. Skulen er tett knytt til industrien, mellom anna gjennom lærlingordningar. I tillegg blir det vanskeleg å rekruttere nye arbeidarar, fordi folk ikkje vil flytte til ein stad der ungane må flytte ut når dei er 15 år gamle, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser