Hopp til innhold

Sjukehusaksjon vil samle inn 10 millionar kroner

Sjukehusaksjonen i Nordfjord vil etablere seg på ny og samle inn 10 millionar kroner. Fleire hundre stilte opp for å vise støtte til aksjonen og lokalsjukehuset.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det var i føremiddag det blei bestemt at det skulle vere ein aksjon, og rykta spreidde seg fort i Nordfjord. Måndag kveld samla fleire hundre personar seg utanfor Nordfjord sjukehus. Folk hadde med seg faklar og det vart sunge og ropt slagord.

– Enkelte vil gi store summar

Sjukehusaksjonen som har eksistert i mange år, skal skipast som ein ny organisasjon.

– Vi skal samle inn 10 millionar kroner, seier leiar Svein Hansen.

Pengane skal samlast inn frå både næringsliv og privatpersonar. Hansen seier han har fått signal om at enkelte er villige til å gi store summar. Han vil ikkje svare konkret på kva pengane skal brukast til.

– Men samhandlingsreforma legg opp til at noko slikt må skje, seier han.

– Kampen er ikkje over

I løpet av kvelden blei det verva fleire nye medlemmer til Sjukehusaksjonen. Det skal opprettast eit nytt styre og veljast ny leiar. Hansen vil ikkje seie noko om han ønskjer å halde fram.

– Tida vil vise kven som blir ny leiar, seier han.

Og sjølv om helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen fredag vedtok å leggje ned fødeavdeling og ortopedien ved Nordfjord sjukehus, meiner Hansen at det nyttar å kjempe vidare.

– Kampen er absolutt ikkje over. Eg er sikker på at vi vil komme til vinne, både når det gjeld fødeavdelinga og ortopedien.

Han meiner at det at så mange møtte opp i kveld, viser kor sterkt saka står i Nordfjord.

– Eg er rørt over oppmøtet, eg rekna ikkje med at det kom så mange, seier leiar Hansen.