Normal

Aksepterer nederlag om konsesjonslova

Regjeringspartia innser at det ikkje er fleirtal for å fjerne konsesjonslova. No er målet å få til betydelege endringar først og fremst ved å sjå bort frå skog frå regelverket.

Gunnar Gundersen, Høyre

VEDGÅR: Gunnar Gundersen (H) og regjeringspartia aksepterer at dei tapte kampen om konsesjonslova.

Foto: Mette Finborud Børresen

Som landbruksminister hausta Frps Sylvi Listhaug storm for framlegget om å skrote konsesjonslova og oppheve buplikta. Det vart med det same skote ned av opposisjonen, også samarbeidspartia Venstre og KrF, då det vart sendt ut på høyring hausten 2014.

Sylvi Listhaug

FØRESLO: Sylvi Listhaug (Frp) sine framlegg om å skrote konsesjonslova møtte motbør med det same.

Foto: NRK

Sidan har lite skjedd. Eit anna omstridd Listhaug-framlegg har lidd same skjebne, nemleg framlegget om å fjerne priskontrollen ved sal av landbrukseigedomar. Dette har vore til handsaming i næringskomiteen i halvanna år, men no er det teikn til bevegelse.

Gir ikkje opp

I utgangspunktet vart handsaminga av priskontrollen utsett slik at næringskomiteen kunne sjå på saka samstundes med framlegget til oppheving av konsesjonslova. Men den saka er tapt, erkjenner statsminister Erna Solberg (H).

Statsminister Erna Solberg

TRE SAKER: Statsminister Erna Solberg vedgjekk før jul at regjeringa ikkje ville få fleirtal for valfritt sidemål i skulen, søndagsopne butikkar og konsesjonslova.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Under sin oppsummerande pressekonferanse før jul trekte ho fram konsesjonslova som eitt av tre eksempel på saker der regjeringa ikkje får fleirtal for sitt primære syn.

– Vi vil neppe lukkast med å fjerne konsesjonslova, men vi gir ikkje opp å få til betydelege endringar, seier Høgres næringspolitikar Gunnar Gundersen til NTB.

Han meiner konsesjonslova er eit alvorleg inngrep i eigedomsretten og at i alle fall skogeigedomar bør takast vekk frå regelverket.

– Skognæringa er svært ulik frå jordbruket. Den er svært konkurranseutsett, har ikkje importvern eller vesentlege tilskotsordningar og har eit stort potensial for auka verdiskaping og arbeidsplassar, seier han.

Ulike løysingar

Ifølgje Høgre-representanten er næringskomiteen i innspurten i arbeidet med priskontrollen.

– Når innstillinga kjem i månadsskiftet januar/februar, håpar Høgre å leggje klare føringar på arbeidet med konsesjonslova, seier han.

Jon Georg Dale (Frp) smiler ved pulten sin. Har hendene i kors

NY I STOLEN: Jon Georg Dale (Frp) er ny landbruksminister. Han er knapp i sin kommentar om konsesjonslova. – Eg ventar på Stortinget si handsaming av framlegget frå regjeringa om å oppheve priskontrollen i konsesjonslova, seier han.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Kva lovendringar som må gjerast, står att å finne ut av, men ein modell der gardbrukar eller skogeigar sjølv definerer om eigedomen i hovudsak er jordbruk eller skogbruk og dermed konsesjonsplikta, verkar på meg som den beste.

Gundersen seier Høgre også ynskjer å få heva arealgrensa monaleg når det gjeld konsesjonspliktige jordbrukseigedomar, men vedgår at Venstre vil avgjere kor langt regjeringspartia kjem.

– Stortingets andre parti er negative til dette. Det viktigaste for oss er å få fjerna konsesjon på skog, fordi dette er ein viktig verdikjede som lev i ein internasjonal marknad utan vesentlege tilskot eller noko form for handelshindringar, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune