NRK Meny
Normal

Aksepterer 25 000 i bot etter branntillaup

ISS Service Management godtek 25 000 kroner i bot for eit to år gamalt branntilløp i Sogndal.

Stenhjemsbygget

SPERRA AV: Det fem etasjar høge Stenehjemsbygget i Sogndal har næringslokale i første etasje, og fem hyblar og to leiligheiter.

Foto: Arve Uglum / NRK

Det var 30 april 2014 at det fatna i ein tørketrommel i lokala til ISS i Sogndal.

Røyken spreidde seg ut i Stenehjemsbygget og sju personar vart evakuerte . Brannen vart meldt av ein person som såg at det rauk frå bygningen.

– Dette kunne fort ha utvikla seg viss vi ikkje hadde vore så tidleg på plassen med ressursar. Det er bra at det vart oppdaga så tidleg, sa vaktleiar ved 110-sentralen i Florø, Frode Eide.

Manglande rutine

Politiet meiner at manglande rutiner for kontroll og reingjering av tørketrommelen er årsaka til branntillaupet.

I følgje førelegget vart ikkje dette gjort frå 1. desember 2005 til branntillaupet for to år sidan. Politiet viser til at bruksanvisningen varslar at slik kontroll og reingjering bør gjerast årleg av servicefolk for å førebygge brannfare.

NRK har vore i kontakt med ISS, som ikkje vil kommentere førelegget.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser