NRK Meny
Normal

Aksel Mathias (17) tok sitt første NM-gull: – No må Johannes passe seg

Stryningen Aksel Mathias Meland (17) gjekk til topps normaldistansen under NM for juniorar i Holmenkollen. Målet for framtida er å slå klubbkamerat Johannes Thingnes Bø.

Aksel Mathias Meland

GLAD: Det var ein sliten, men glad Aksel Mathias Meland som kunne jubla for sitt første NM-gull i juniorklassa.

Foto: Rune Tryggestad

– Målet er å komme på landslaget og slå Johannes. No må han passe seg, seier Aksel Mathias Meland den lovande skiskyttaren til NRK.

– Kor mange år treng du før det er realistisk?

– To til tre, svarar han.

Han har nettopp tatt sitt første NM-gull i juniorklassen, men tidlegare har han vunne fleire nasjonale renn i ungdomsklassane. Då NRK snakka med han var han på veg til Rådhusplassen i Oslo, der han skal få gullmedaljen sin.

Ekstrem forvandling

Likskapen mellom Meland og Johannes Thingnes Bø er mange. Dei kjem begge frå Stryn, går for same klubb og dei har hevda seg godt i yngre klassar.

I tillegg har begge renn der ingenting stemmer, før det plutseleg snur dagen etter. For på sprinten i går vart Meland nummer 19, etter å bomma på fem av dei ti skota på skytebana.

– Det må vera noko med lufta i Stryn, seier Meland.

– Eg tenkte ikkje på det då eg stod på start i dag. I dag følte eg at eg hadde full kontroll på skytinga, seier Meland, som revansjerte seg med å skyte 19 av 20 treff på normaldistansen.

Like mange treff som Thingnes Bø, som tok sølvet på seniorane sin normaldistanse.

I mål var Meland 11,3 sekund betre enn Jo Brøste Nørstegård som tok sølvet, men ut på sisterunden leda han med over halvminuttet.

– Sisterunden var heilt jævlig. Eg visste at eg leda og eg klarte å samle nok krefter til å halde unna. Det er det mest krevjande løpet eg har gått nokon gong, seier Meland, og fortel at det var blaut og tung snø i løypene i Holmenkollen.

Sterke lokale prestasjonar

Håvard Gutubø Bogetveit

I FARTA: Håvard Gutubø Bogetveit skaut 18 av 20 treff, men slo Johannes Thingnes Bø med 45 sekund i løypa.

Foto: Rune Tryggestad

Men Meland var ikkje den einaste frå fylket som hevda seg. Som nemnd tok Johannes Thingnes Bø sølvet på seniorane sin normaldistanse, medan Førde-løparen Håvard Gutubø Bogetveit tok bronsen.

Fullstendig resultatliste over alle dei lokale deltakarane som var med ligg på arrangøren sine heimesider (ekstern lenke).

NM vert avslutta søndag med stafettar.

Laster Instagram-innhold
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.