Hopp til innhold

Ordføraren stemde så telefonen nesten gjekk tom for batteri

Ordførar i Bremanger, Karl Vidar Førde, stemde på Aksel Hauge Vedvik (12) til telefonen nesten var tom for batteri.

Aksel Hauge Vedvik i MGPjr

PÅ SCENA: Aksel Hauge Vedvik stortreivst på scena og var ikkje nervøs, trass i at det var 7300 publikummarar i salen.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

– Eg har stemt i massevis. No er det så vidt det er liv i telefonen, seier Førde, som saman med over hundre andre var samla i Bremangerhallen for å heie og stemme fram det lokale håpet i MGPjr, Aksel Hauge Vedvik.

12-åringen frå Bremanger enda til slutt blant dei fire superfinalistane med songen sin «Ingenting å tape», men måtte sjå seg slått av Mathea-Mari frå Bergen som gjekk av med sigeren med songen sin «#Online».

Er utruleg stolte av sambygdingen

Bremanger-ordføraren er full av lovord over sambygdingen sin innsats.

– Han kom blant dei fire beste av 600, og det er utruleg flott. Dette har vore ein

Oslo Spektrum

STEMNING: - Dette har vore ei heilt utruleg oppleving, seier Aksel Hauge Vedvik.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

kjempekveld med super stemning. Aksel er kjempeflink og vi er utruleg stolte, seier Førde.

Han tykkjer Vedvik er ein flott representant for kommunen.

– Aksel er ein flott gut på alle måtar, og representerer kommunen på ein fantastisk måte med sitt smittande vesen, seier Førde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Aksel Hauge Vedvik

GRATULASJONAR: Aksel gratulerer Mathea-Mari med sigeren etter superfinalen.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Lovar å heidre Aksel

Ordføraren lovar at han nok skal finne på ein måte å setje pris på ungguten på når han kjem heim til Bremanger.

– Då det var klart at han var vidare til finalen, fekk eg tak i eit gull-påskeegg som eg fylte opp og sende med ei helsing. Eg lovar at vi nok skal finne på ein måte å heidre han på når han er komen heim, seier Førde.

Han tykkjer det er stas at ein unggut frå Bremanger har hevda seg slik i ei nasjonal tevling.

MGPjr-finalistane

NYE VENER: – Eg har rukke å bli kjend med alle

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

– Bremanger er ein kulturkommune og det syner att no. Det er eit framifrå musikk- og kulturmiljø her, i tillegg til at Aksel kjem frå ein musikkfamilie, seier Førde.

Han ser ikkje vekk ifrå at dette kan få endå fleire lokale talent fram.

– Dette syner berre at ein kan nå langt sjølv om ein er frå ein liten kommune, seier Førde.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

STEMDE TIL KRAMPA TOK DEI: Over hundre små og store var samla for å sjå MGPjr-finalen på storskjerm i Bremangerhallen og stemme på sin eigen finalist Aksel Hauge Vedvik. Foto: Ann Gulestøl

Hadde aldri trudd han skulle nå så langt

Hovudpersonen sjølv var hoppande glad etter at alt var over.

– Dette er heilt fantastisk. Eg hadde aldri trudd at eg skulle komme så langt, seier Vedvik, som slett ikkje var skuffa over å ikkje vinne.

– Nei, eg er rett og slett ikkje skuffa. Eg hadde lyst til å vinne, men eg tenkjer ikkje på det. Eg er berre full av glede. Eg er veldig fornøgd med at eg kom så langt, seier Vedvik.

Litt nervøs

SPENT: - Eg var utruleg spent før det siste namnet vart lese opp, seier Aksel Hauge Vedvik.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Men han innrømmer at han var litt nervøs før den siste konvolutten med namnet på den siste superfinalisten skulle opnast.

– Eg var så redd. Og så fekk eg høyre namnet mitt, og då var eg heilt på gråten. Men det er fantastisk, seier Vedvik, som ikkje klarar å la vere å juble over alt han har fått vere med på.

– Det var kjempekult og heilt fantastisk, smiler 12-åringen.

Og han har målet for vegen vidare klart.

– Det neste må bli å få lage eit album. Men i kveld vert det fest, seier Vedvik.

Created by InfoDispatcher

SPENTE: Spenninga var til å ta å føle på då Aksel Hauge Vedvik vart ropt opp som siste superfinalist. Foto: Ann Gulestøl