Hopp til innhold

Lagar musikk på guterommet – snart står han på scena i Oslo Spektrum

Han har allereie sunge seg inn i hjarta til mange unge jenter, men snart kan det bli fleire. Neste helg står tolv år gamle Aksel Hauge Vedvik frå Bremanger på scena under finalen av Melodi Grand Prix-junior.

Han har allerede sunge seg inn i hjarta til mange unge jenter, men snart kan det bli fleire. På lørdag står 12 år gamle Aksel Hauge Vedvik på scenen i finalen av Melodi Grand Prix-junior.

FINALEKLAR: Aksel Hauge Vedvik (12) lagar musikken heime på guterommet i Bremanger. Neste helg skal han framføre ein av songane i Oslo Spektrum under finalen av Melodi Grand Prix-junior.

NRK.no får vere med opp på guterommet, der det unge talentet skriv det meste av musikken. Ei dryg veke før den store dagen er nervane tilsynelatande under kontroll.

– Eg har gleda meg masse. Draumen går absolutt i oppfylling, seier Vedvik.

12-åringen kom til finalen med songen "Ingenting å tape". Gladmeldinga fekk han i beste sendetid ein kveld i april.

(Artikkelen held fram under videoen)

Aksel Hauge Vedvik (12) frå Bremanger fekk vite om MGPjr-finalen då han såg Nytt på Nytt.

Ikkje kjendis

Neste helg skal musikken frå guterommet fylle Oslo Spektrum. Vedvik er ein av ti håpefulle unge som snart skal få dele talentet med heile landet.

– Songen min handlar om å tru på seg sjølv. Viss du føler for å gjere noko, må du gjere det, seier Vedvik.

Sjølvsikker, det er han, men Vedvik innser likevel at konkurransen frå dei andre deltakarane er stor.

– Eg trur ikkje eg vinn, men eg gler meg masse likevel, seier han.

Med seg til Oslo får han veslebroren Sverre. Som vedgår at det kan bli litt vel mykje musikk til tider.

– Til og med ei veke då han skulle vere barnevakta mi, då gjekk han ut og dreiv på med musikk, seier han.

Ikkje ute etter kjærast

Starten på skuleåret vert litt amputert for den ferske 8.-klassingen. Måndag startar dei første av ei heil rekkje med prøver som vil vare fram til finaledagen.

Medelevane har tru på at han kan gå heile vegen. Men dei let seg ikkje blende av den nyerverva kjendisstatusen, fortel Vedvik.

– Eg trur ikkje vennane mine ser på meg som kjendis, eller kjendis-Aksel, eller MGP-Aksel. Dei ser på meg som Aksel, seier han.

Likevel, det har blitt ein del fanbrev sidan han slo gjennom i TV-ruta.

– Masse jenter. Men eg er eigentleg ikkje ute etter kjærast enno, seier han.