Hopp til innhold

Her får Aksel (12) gladmeldinga på «Nytt på Nytt»

Aksel Hauge Vedvik frå Bremanger er ein av ti finalistar i årets MGPjr. Gladmeldinga fekk han gjennom «Nytt på Nytt».

Aksel Hauge Vedvik (12) frå Bremanger fekk vite om MGPjr-finalen då han såg Nytt på Nytt.

SJÅ VIDEO: Aksel Hauge Vedvik (12) fekk gladmeldinga gjennom «Nytt på Nytt».

12-åringen hadde eigentleg ikkje tenkt å sjå programmet den aktuelle kvelden, men gjorde det då familien sa han måtte sjå på.

Plutseleg dukka eit bilete av han opp på skjermen.

  • Skjulte kamera fanga heile seansen. Den ser du øvst i artikkelen.

– Eg berre tenkte «Hæ? Kva er det som skjer?». Så sa dei at eg var vidare og eg berre hoppa rundt og heldt meg for augo. Eg byrja å grine, fortel Aksel Hauge Vedvik til NRK.no.

Skreiv låten sjølv

Låten Aksel har skrive heiter «Ingenting å tape», og den førte til at han blei kalla inn til audition på NRK i byrjinga av mars saman med 24 andre bidrag.

– Eg var litt redd i starten, men så gjekk det perfekt, fortel han.

Og av dei 25 som fekk sjansen på audition, kapra Aksel ein av dei 10 finaleplassane i MGPjr 2014. I løpet av dei tre vekene han har visst det, er det berre veninna som har fått vite at han nådde finalen.

– Eg er veldig takksam for at eg fekk komme vidare, seier han.

Stiller som solist

Aksel Hauge Vedvik

TIL FINALEN: Aksel Hauge Vedvik (12) har skrive eigen låt og har blitt plukka til å vere med på MGP jr i august.

Foto: Sindre Kinnerød/Flashstudio

I helga var 12-åringen med på fylkesmønstringa i UKM med bandet sitt «AKV and the Freakz», men stiller i MGP jr. som solist. I låten «Ingenting å tape» syng han om at det ikkje gjer noko om folk tykkjer han er annleis. Han må vere som han er for å få til det han vil.

– Eg skreiv låten fordi eg sende inn i fjor også, men då kom eg ikkje vidare. Då var det nokon som sa masse stygge ting til meg, seier han.

Aksel går i 7. klasse ved Hauge skule og er ein aktiv kar. Han spelar gitar, er med i band og i korps. Han likar å skrive, turne, lage musikk og teikne.

– Tru på deg sjølv

– Om du trur på deg sjølv, kjem du langt. Du kan gjere kva du vil med musikk. Eg har skrive mange låtar, nesten alle på engelsk. Men denne er på norsk.

Aksel var måndag i studio og spelte inn ein ny versjon av finalelåten. No gler han seg til å stå på ei stor scene, og synge til eit stort publikum i Oslo.

– Det blir veldig stort for meg.

– Korleis trur du det går?

– Det kjem til å gå bra. Songen min er kul, om eg skal få seie det sjølv.

Ny rekord i år

I år blei det sendt inn 600 bidrag til MGPjr-redaksjonen, noko som er ny rekord. Når finalen går av stabelen i Oslo Spektrum i slutten av august, er det for 13. gong. Showet blir sendt direkte på NRK1.

Framover mot august ventar mellom anna studioinnspeling og leirskule. NRK lovar at finalistane har fem fantastiske månader framfor seg. Dette skal til slutt resultere i at dei tek publikum og tv-sjåarane med storm i eit fullsett Oslo Spektrum med programleiarane Margrethe Røed og Tooji.

Presentasjon

VIDEO: Her kan du høyre ein smakebit frå låten «Ingenting å tape» som Aksel Hauge Vedvik har skrive sjølv.