NRK Meny
Normal

Folket i Eivindvik samla seg for å feire vintersolsnu

På den kortaste dagen i året klokka 12.00 fall sollyset på den angliske krossen i Eivindvik. Det feira gulingane med å stemme i allsang.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

VENTA: Mange hadde møtt fram for å få med seg vintersolsnu. Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Vi fekk sjå at sola skein på korset. Det var fint, seier ein av dei mange små frammøtte.

Både små og store hadde samla seg til vintersolsnu ved Gulatingskrossane. Mellom dei var ordførar Hallvard Oppedal.

– Å få stå her på ein slik fantastisk vinterdag med klarvêr og rim på bakken, og sjå sola komme gjennom skaret og skine på krossen, det var heilt fantastisk, seier Gulen-ordførar Hallvard Oppedal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Venta på solsnu

SPENNING: Spente fjes på både store og små før sola gløtta over kanten.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Har vore for beskjedne

Medan sola skein, stemde dei frammøtte i fleire julesongar.

– Det er veldig kjekt. Ein får skikkeleg julestemning når ein tek julesongane her framfor krossen, seier Oppedal.

Espen Selvik har vore initiativtakar til solfeiringa.

– Fordi vi i dag treng å peike på unike ting som vi har i Sogn og Fjordane. Vi har heilt fantastiske ting her, og vi har vore litt for beskjedne når vi har snakka om det, seier Selvik.

Han peikar på at vi ikkje alltid torer å gi det vi har her i fylket nok vekt fordi det ikkje betyr så mykje i den store samanhengen.

– Men det er feil. Det aller første tingsetet i Norge låg her. Desse krossane vart plasserte av Olav den Heilage for nesten tusen år sidan. Og det er ein grunn til at dei vart plasserte her, og at denne staden er heilt unik, seier Selvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Solsnu i Eivindvik

SONG AV FULL HALS: Både små og store stemde i då sola trefte krossen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Var ei tilknyting til himmelen

Han peikar på at det var nettopp i Gulen folk frå Sogn og Fjordane møttest for å ha ei tilknyting mot det guddommelege.

– Vi snakkar om ei tilknyting til himmelen. Og her skin sola desse fem magiske minutta på steinkrossen. Og vi sit her og er heilt rørte. Dette har gått i gløymeboka i fleire hundre år fordi folk ikkje bryr seg. Men her må vi vere, seier Selvik.

I dag var ein heil gjeng med både store og små samla for å feire vintersolsnu.

– Eg tykte det var gripande. Og det var fantastisk å sjå at det her var folk oppe i åra og barnehageborn og folk i alle aldrar. Vi sat her og delte sola og alle skjønte at dette er fantastisk. Dette er ikkje ein trist dag, dette er ein dag for framtida. No snur sola, no skal vi sjå framover, seier Selvik.

Hallvard Oppedal, Espen Selvik

TRADISJON: Både f.v. Gulen-ordførar Hallvard Oppedal og initiativtakar Espen Selvik vil gjerne gjere vintersolsnu til ein tradisjon i Eivindvik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han ser det som naturleg at dette vert ein tradisjon i Gulen.

– Det må det bli, seier Selvik, og det får han støtte av ordføraren på.
– Det bør det bli, for dette var heilt nydeleg, seier Oppedal.


Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser