NRK Meny
Normal

Bli med på sju kilometer med aking frå 1000 meter over havet – minutt for minutt

STRYN (NRK): Frå fjellet Hoven på 1000 meter over havet i Loen ligg det ein sju kilometer lang preparert akebakke. Vi filma heile turen med fem forskjellige kamera.

LANGT: Sjå den 16 minutt lange turen med actionfylte bilde og lokal musikk frå Sogn og Fjordane. Fire GoPro-kamera og eit hand heldt kamera vart nytta til å dokumentera heile turen ned bakken.

20. mai i fjor opna gondolbana frå Loen som tek deg 1000 meter rett opp til fjellet Hoven. 300 millionar vart brukt på bygginga og til prosjektet vart det bygd ein sju kilometer lang anleggsveg opp på fjellet.

No vert denne vegen preparert og fleire har funne ut at dei eignar seg ypparleg til aking.

– Vi har den raskaste kjelken

Blant desse er Jan Erik Sandbakk og familien, som har aka ned bakke fleire gongar.

Erik Brendefur - Loen Aktiv

MANGE: Erik Brendefur er dagleg leiar i Loen Aktiv og leiger ut kjelkar på toppen av Hoven. Han har merka at aking har blitt meir populært den første vinteren etter at gondolbana til toppen opna.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Vi har den raskaste kjelken. Vi køyrer jo sikksakk mellom alle saman, seier 6-åringen Noah Bruland Sandbakk, etter å ha køyrd ned om lag halve bakken.

Somme stader er bakken veldig bratt og farten vert høg. Derfor er det godt å ha nokon eldre å sitte på med, om ein berre er seks år.

– Dei yngste sitt på med meg eller storesøstera. Og så brukar vi alltid hjelm, seier pappa Jan Erik Sandbakk.

– Vi har fleire organiserte akebakkar på toppen av fjellet her, men den lange anleggsvegen har blitt veldig populær. Køyring der skjer på eige ansvar og vi oppmodar alle til å nytta hjelm og til å avpassa farten, seier dagleg leiar i Loen Aktiv, Erik Brendefur.

Familien Sandbakk etter aketur ned Hoven

FAMILIETUR: Jan Erik Sandbakk (f.v.), Alida Bruland, Noah Bruland Sandbakk, Julie Flølo Herrevold og Mathea Bruland Sandbakk storkoste seg ned den sju kilometer lange akebakken.

Foto: Oddmund Haugen / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune