Hopp til innhold

Aka kjelke på fylkesveg

Etter å ha fått melding om fem-seks ungdomar som aka på fylkesveg 618 ved Mannseide i Selje, åtvarar politiet mot å ake på trafikkerte vegar. – Fylkesvegen er ikkje den tryggaste staden å ake kjelke. Ein er til fare for seg sjølv og andre, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Vest politidistrikt i Florø.