Hopp til innhold

Airlift vil drive luftambulanse

Helikopterselskapet Airlift i Gaular er mellom dei fem selskapa som framleis er med i konkurransen om å drive ambulansehelikopterteneste. – Vil vere veldig viktig for selskapet, seier dagleg leiar Kurt Opseth.

Airlift-hovudkvarteret på Bringeland

SATSAR PÅ LUFTAMBULANSEDRIFT: Hovudkvarteret til Airlift AS på Bringeland i Gaular.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

I dag har Luftambulansetjenesten ANS avgjort kva selskap som får vere med i den vidare konkurransen om å drive ambulansehelikopterteneste frå 2018.

– Det er ikkje noko vi er avhengige av, men ein viktig moglegheit vi går for. Det ville gje eit breiare fundament for verksemda og vore verdifullt for oss, seier Opseth om den langvarige kontrakten med statlege oppdragsgjevarar dei no kjempar om.

Populært blant pilotar – nye arbeidsplassar

Airlift dreiv luftambulanse med base på Førde Sentralsjukehus på 1990-talet.

Dagens daglege leiar Kurt Opseth er på veg over i ny stilling som administrerande direktør i Mesta, men er engasjert når han snakkar om moglegheitene ambulanseflyging kan gje for Airlift.

– Airlift sine pilotar, som vi i veldig stor grad utdannar sjølve, kan få ein karriereveg inn mot luftambulanse, som er veldig populært blant pilotar.

Han er også klar på at ein siger i anbodskonkurransen vil auke behovet for arbeidskraft.

– Det vil heilt sikkert medføre nye arbeidsplassar. Dette er spanande, og noko dei tilsette er veldig opptekne av. Vi skal gjere ein grundig jobb, og kryssar fingrane for at det er godt nok, seier Opseth.

– Gode føresetnader for å vinne

I dag er det Norsk Luftambulanse AS som driv ambulanseflygingstenesta. Det selskapet er og mellom dei fem som har kvalifisert seg for å gå vidare i konkurransen. Dei tre andre er CHC Helikopter Service AS, Lufttransport RW AS og Scandinavian MediCopter AB.

– Vi har ikkje fått anbodspapira. Men vi har fått inntrykk av at dei ser for seg ein operatør per helseføretak. Ein i nord, ein i Midt-Noreg, ein i Vest og ein i Sør-Aust. Sjølvsagt kan nokre operatørar få fleire helseføretak, seier Opseth.

Avgjerda om kva av dei fem selskapa som skal få drive flygingane blir teken i juni 2016. Opseth trur på at Airlift vil vinne fram.

– Vi meiner vi har gode føresetnader for å kome i mål. Vi skal gjere ein grundig jobb for å få nokre av kontraktane. Men å vurdere og analysere våre konkurransefortrinn opp mot andre, har eg ikkje lyst til no når vi skal ut i ein konkurranse. Men vi har ein oppfatning av det, seier han.