Hopp til innhold

Airlift sikra seg kontrakt i Arktis

Skal fly for Norsk Polarinstitutt blant anna på ekspedisjonar og isbjørnjakt.

Helikopter illustrasjon

OPPDRAG I ARKTIS: Oppdraget til Airlift i Arktis byr på krevjande oppgåver for selskapet, seier administrerande direktør, Stig Hårklau.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Vi skal hjelpe Norsk Polarinstitutt når dei har transportbehov. Først og fremst på Svalbard, men og i andre område i nord. Det går på transport under merking av isbjørn, forskingsprosjekt og ekspedisjonar, seier administrerande direktør i Airlift, Stig Hårklau.

Selskapet frå Gaular trakk det lengste strået i konkurransen om helikopterleige for Norsk Polarinstitutt. Det skjer i samband med instituttet sitt prosjekt i Arktis under krevjande forhold.

– Det er eit krevjande område med tanke på klimatiske forhold, temperaturar og vêrforhold. Spesielt når ein skal fly i låg høgd og under vanskelege forhold. Dette krev mykje av oss som helikopteroperatør, seier Hårklau.

Spanande oppdrag for Airlift

NYTT OPPDRAG I VENTE: Kontrakten i Arktis vil sysselsette eitt helikopter i året.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vil sysselsette eitt helikopter i året

Tenestene som Airlift skal levere i nord, vil variere ut frå omfanget til aktiviteten til Norsk Polarinstitutt. Oppstarten er 1. januar 2017 og kontrakten har ei lengd på tre år med opsjon på ytterlegare to år.

– Oppdragsmengda variere frå år til år basert på behovet til instituttet. Grovt sett kan vi sei at dette vil sysselsette eitt helikopter store delar av året, seier Hårklau.

For Hårklau og dei tilsette i Airlift er kontrakten eit viktig springbrett i framtida.

– For oss er det viktig at vi får fortsette denne aktiviteten, som vi har heldt på med nokre år. Det er mykje som kjem til å skje i områda i nord framover. Både med tanke på forsking og reiseliv. Vi håper dette blir eit springbrett for vidare aktivitet i desse områda, seier Hårklau.