NRK Meny
Normal

Aina (25) er ei av få kvinner med ansvar for norsk natur

Ei ny undersøking syner at kvinner er i mindretal i norsk naturforvalting.

Aina Elise Stokkenes parterer sau på fjellet

VILL OG VARIERT ARBEIDSDAG: Aina Elise Stokkenes er ein av få kvinner som jobbar i norsk natur.

Foto: Rein-Arne Golf

– Det var nokon som var skeptiske då eg byrja. Eg har til dømes fått spørsmål om eg verkeleg kan køyre snøscooter, ler Aina-Elise Stokkenes.

Stokkenes er rovviltkontakt i region Sogn og dagleg leiar i Luster Austre fjellstyre. Dermed er ho ei av få kvinner som har dagleg ansvar for norsk natur.

– Frå gammalt av har det nok vore fleire menn som har nytta naturen, så det er kanskje det som gjer at det er færre kvinner i dette arbeidet.

Ho fortel at dei vart fleire og fleire kvinner som tok naturforvaltarutdanning då ho sjølv gjorde det, og at ho i tillegg har fleire kvinnelege kollegaer i heimkommunen.

– Her i Luster har me mange damer som er med i naturforvaltinga, og eg trur det er ei aukande trend.

Det er menn over 50 år som bestemmer

At dei har mange kvinner i leiande stillingar i naturforvaltinga gjer at Luster skil seg ut.

Aase Kristine Lundberg har skrive doktorgrad om korleis det står til med likestillinga i norsk naturforvalting. Resultatet av undersøkingane hennar syner at det er få kvinner som bestemmer over norsk natur.

– Det er i stor grad menn over 50 år som bestemmer over naturen i Norge, seier Lundberg.

Aase Kristine Lundberg

KONSEKVENSAR: Aase Kristine Lundberg meiner få kvinner i naturforvaltinga påverkar kva me nyttar norsk natur til. – Me treng at fleire stemmer blir høyrt i spørsmål om natur, seier Lundberg.

Foto: Nordlandsforskning

Ho understrekar at ho først og fremst har undersøkt verneområdestyre, og ikkje fjellstyre slik Stokkanes er dagleg leiar for. Men sjølv om ho ikkje har hatt med fjellstyra i forskinga si, har ho oversikt over at det er endå færre kvinner med i styra der.

– Det kan virke som at det ikkje er ein prioritet å få fleire kvinner med på å bestemme.

– Me klarar alt like bra

Aase Kristine Lundberg håpar likestillinga i naturforvaltinga vil betre seg i framtida.

– Det er viktig at også kvinner sine stemmer blir høyrt når det gjeld kva me skal bruke naturen til.

I Luster oppfordrar Aina-Elise Stokkenes kvinner til å byrje å jobbe i naturen.

– Me kvinner har like stor rett til å ta plass som mannfolk, og me klarar alt like bra! Jobben min er veldig spennande, og eg vil absolutt anbefale fleire til å byrje med dette her.

Vegopning på Bergum i Førde kommune