NRK Meny
Normal

Ahyee Aye Elvis senka Notodden

Notodden-trenar Jan Halvor Halvorsen har tippa Sogndal som vinnar av årets 1. divisjon, og tipset blei ikkje dårlegare etter at laget hans tapte 0-2 for sogndølene i den 11. serierunden.

Ahyee Aye Elvis

Ahyee Aye Elvis sette inn begge måla til sogndal.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Det var Ahyee Aye Elvis som senka laget til gamletrenaren med nettkjenningar i det 30. og 78.minuttet.

- Veldig godt lag

Jan Halvor Halvorsen

Jan Halvor Halvorsen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

- Sogndal har eit veldig godt lag både defensivt og offensivt lag, og eg håpar dei held fram den gode trenden dei har hatt i det siste. Men som sagt, ikkje mot oss, sa den tidlegare Sogndal-trenaren før kampen søndag.

- Godt heimelag

Notodden ligg heilt nede på 11. plass på tabellen med 13 poeng, men avstanden opp til Hønefoss på tredjeplass er berre tre poeng. Halvorsen er nøgd med innsatsen til laget sitt på heimebane, der laget har teke ti av poenga.

- Vi er eit godt heimelag, og eg trur det kan bli ein fartsfylt kamp mot Sogndal, seier Jan Halvor Halvorsen.

Manglar målmaskinen

Men han saknar fjorårets toppskårar, Fabian Taylor. Han sette inn 15 mål i fjor. Taylor har vore skadd i vårsesongen, og er truleg klar til haustkampane.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.