NRK Meny
Normal

Agnes er 93 år - og framleis stø på handa

FØRDE (NRK): 93 år gamle Agnes Bjørbæk er ein av 36 lokale kunstnarar på utstillinga «Mønstring 2015».

Agnes Bjørbæk

HELD KOKEN: Agnes Bjørbæk har ingen planar om å pensjonere seg frå staffeliet.

Foto: nrk

Trass i alderen, nyttar ho alle ledige stunder ved staffeliet. Frå omsorgsbustaden sin på Førde helsetun har ho utsyn mot nordvest til Øyrane/Korsen, og landskap har alltid vore ei viktig inspirasjonskjelde for Bjørbæk.

Vil vera til stades på opninga

Bjørbæk har vore ei viktig drivkraft i kunstmiljøet i Sunnfjord. Og sjølv om ho ikkje er like involvert i det organisatoriske meir, så er det ingen ting å seie på produksjonen. Då vi møtte henne og dottera Signe, hadde ho bilen full av bilete.

– Gler du deg?

– Ja, det blir spennande, men eg har no gjort dette før, seier Bjørbæk.

Det er mange bilete i leilegheita, og mange av dei ber hennar signatur.

Ein nestor i kunstmiljøet

I 1976 vart ho den fyrste leiaren i Sunnfjord kunstlag, og gjennom denne rolla jobba ho for å auke interessa for kunst. Det har vore hjartesaka hennar.

Bjørbæk var òg ein viktig pådrivar for Sogn og Fjordane kunstskule, og saman med mannen Erik Bjørbæk tok imot ho den fyrste kulturprisen til Førde kommune i 1988.

Og interessa har auka

Laurdag opna utstillinga «Mønstring 2015» ved Sogn og Fjordane kunstmuseum, og der har Agnes Bjørbæk fått selskap av 35 andre biletkunstnarar. Utstillinga er ei vidareføring av «KUNSTSF2012», som var den største presentasjonen av regional samtidskunst.

Dette er ei medlemsutstilling som blir skipa kvart tredje år. Kvar av dei 36 kunstnarane får vise fram eitt arbeid kvar som ikkje skal vera eldre enn tre år. På den måten blir det eit tydeleg bilete på kva dei regionale kunstnarane til kvar tid er opptekne av.

Stor variasjon i uttrykk, teknikkar og material

På utstillinga finn ein alt frå tidlaus tekstil til fotografi med politisk brodd, og røynde utstillarar ved sidan av debutantar.

Kristina Aas

FYRSTE: Tekstiltkunstnaren Kristina Aas stiller ut for fyrste gong i Sogn og Fjordane.

Foto: Kristina Aas

For det er ikkje alle som har like lang fartstid som Agnes Bjørbæk. Tekstilkunstnaren Kristina Aas har hatt fleire utstillingar i utlandet, men det er fyrste gong ho stiller ut her i Sogn og Fjordane. Til «Mønstring 2015» har ho tatt med seg ein moderne biletvev, «Digital jacquardvev»

Sarah Thingnes frå Naustdal stiller ut eit verk ho har kalla «Med fokus på Førdefjorden II, 2015».

– Har det ein politisk brodd?

– Artig at du tolka det slik, det har visuelle kvalitetar også, seier Thingnes.

Digital jacquardvev

VEV: Kristina Aas sin digitale jacquardvev.

Foto: Even Lusæter / nrk

Ikkje overordna tema

Stein Sandemose Bårdsen er formidlingsleiar ved Sogn og Fjordane kunstmuseum. Han seier at kunstnarane sjølve kan få vera med å avgjere korleis verka skal presenterast, og at dei legg til rette for det så godt det let seg gjere.

Stein Bårdsen Sandemose

LEIAR: Formidlingsleiar ved Sogn og Fjordane kunstmuseum, Stein Bårdsen Sandemose.

Foto: Even Lusæter / NRK
Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.