NRK Meny
Normal

Fylkesveg 60 – kåra til Norges verste veg – vart i dag eit godt stykke betre

Norske flagg, felemusikk og ein bunadskledd ordførar var på plass då Agjeldstunnelen mellom Olden og Innvik vart offisielt opna.

Kjelsnes klipper snora og den første bilen får køyre gjennom Agjeldstunnelen på fylkesveg 60.

SJÅ VIDEO: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes fekk æra av å opne den nye tunnelen. Her med Nils Mange Slinde i Statens vegvesen (t.h.) foto: Harald Kolseth.

2 kilometer med ny veg vart i dag opna på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik. Ein veteranbil med norske flagg var det første køyretøyet som fekk teste Agjeldstunnelen.

– Eg er veldig godt fornøgd. Det er ein fryd å køyre gjennom, seier ordførar i Stryn, Svenn Flo.

Flo håpar dei resterande fem kilometerane som no står att blir gjort noko med så raskt som råd.

– Det er klart at når vi no ser vegen totalt sett, så er det tragisk viss det skal stå att fem kilometer med den kvaliteten som er der. Då kan vi framleis kalla dette for Norges verste veg, seier han.

Svenn Flo på tunnelopning

HADDE PYNTA SEG: ordførar i Stryn, Svenn Flo, syns det var ein fryd å køyre gjennom tunnelen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Eitt og eit halvt år har entreprenørane brukt for å få ferdig den langt tryggare vegen mellom Olden og Innvik., kan avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde fortelje.

– Når vi først får beskjed om at vi skal gå i gong, og reguleringsplanane er klare og vi får dei pengane vi treng, så meiner eg det har gått ganske fort. Problemet vårt er at løyvingane våre kjem i langdrag¨, men fylkeskommunen har vore flinke til å kome med løyvingar slik at vi har kunne drive effektivt, seier Slinde.

Vil ha vekk «versting-skiltet»

Vegen som er kåra til Norges verste veg, er altså blitt litt mindre dårleg. Den nye vegen har kravd sine kroner.

– Tunnelbygging og vegbygging på desse strekningane er kostbart. Det går nesten 190 millionar med for å få dette ferdig, seier Slinde.

– Kva er den vidare framdrifta på fylkesveg 60 Olden-Innvik no?

– Vi er klare med både anbodsgrunnlag, byggjeteikningar og vi har jobba ein del med arkeologi. Så vi er klare til å begynne så fort som pengane er tilgjengelege. Men det er jo fylkeskommunen som er vegeigar her, og det er dei som no jobbar med å klare å skaffe fram dei 400 millionane som må skal til for å byggje siste del inn til Olden, fortel Slinde.

Han påpeikar at det er nesten 80 år sidan vegen vart bygd og den gongen for heilt anna trafikk.

– Så vi ønskjer svært sterkt å få fekk skiltet i Olden der det står Norges verste veg, men vi er avhengig av at dei som sit på pengesekken blir einige om korleis dei skal finansiere dette, seier Slinde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Opning av Agjeldstunnelen

STOR GLEDE: Innbyggjarane møtte opp for å få med seg opninga av vegen som gjer det litt tryggare å ferdast mellom Olden og Innvik.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Vil ha løysing på plass snarast

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes var ein av dei heldige som fekk sitje på med veteranbilen på den første turen gjennom Agjeldstunnelen etter at ho sjølv klipte snora og opna tunnelen.

Det står framleis fem kilometer veg att. Kjelsnes seier ho har sendt brev til samferdsledepartementet der ho ber om eit møte for å kome i dialog med departementet for å få framdrift så raskt som mogleg på delen som står att.

Samstundes som den nye tunnelen er klar er det gjort eit vedtak om å byggje bru over indre Nordfjord for den nye E39.

– Fryktar du at brua E39 og brua over Nordfjorden i indre kan øydeleggje for vidare utbetring av vegen?

– Nei, det synst eg ville vere veldig korttenkt av dei sentrale styresmaktene, så eg forventar å få ein god dialog med dei om dette, seier Kjelsnes og stolar på at ei løysing vil vere på plass raskt, seier ho.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå