NRK Meny
Normal

Det er offisiell opning om ei veke, men i dag kunne trafikantane køyre Agjeldstunnelen

Agjeldstunnelen på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik skal opnast offisielt neste måndag. Men klokka 10 i dag kunne trafikantane likevel ta tunnelen i bruk.

Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp og Agjeldstunnelen

FEIRAR MED SMØRBRØD OG IS: Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp spanderer noko godt på arbeidarane i dag.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp seier at det er praktiske grunnar til at dei har opna tunnelen for trafikk.

– Det har med den vidare framdrifta å gjere. På begge sider av tunnelen skal vegen leggast om, det skal vere litt muring. For at vi ikkje skal måtte vente med det arbeidet har vi dirigert trafikken gjennom tunnelen.

På dagen 78 år etter kongeleg opning

Det er fylkesordførar Åshild Kjelsnes som skal stå for en offisielle opninga måndag 30. juni klokka 12.45. Men det passar fint at trafikantane kunne ta tunnelen i bruk i dag, for det er akkurat 78 år sidan Kong Haakon opna vegen Olden-Innvik den 23. juni 1936.

Det meste av feiringa må altså vente ei veke, men Huseklepp seier at arbeidarane på veganlegget får litt ekstra god mat i dag.

– Dei kjem innom anleggskontoret og får smørbrød og is.

Prosjektleiaren seier at trafikken har gått fint etter opninga klokka 10.

– Det er nedsett fartsgrense til 50 kilometer i timen til vi tek fellesferie, fordi vi kjem til å jobbe i begge endane av tunnelen. Vi oppmodar trafikantane om å vise omsyn til dei som arbeider utanfor tunnelen, både på Olden- og Innvik-sida.

(Artikkelen held fram under biletet).

Agjeldstunnelen, nesten klar til opning

KLAR: Agjeldstunnelen er snart klar for offisiell opning.

Foto: Silje Guddal / NRK

Framleis fem kilometer dårleg veg

Agjeldstunnelen er 950 meter lang medrekna portalane i begge endar. I tillegg er det 900 meter ny veg i dagen.Dette gjer at bilistane no slepp ei strekning med svært dårleg veg.

Men framleis står det att vel fem kilometer med skral veg mellom Ugla og Olden. Med dei kraftige kutta som er varsla i fylkesøkonomien kan det ta tid før denne strekninga blir bygd.

Ny veg i samband med bygginga av Agjeldstunnelen på fylkesveg 60

NY OG BETRE VEG: I tillegg til tunnelen er det om lag 900 meter med ny veg i dagen.

Foto: Silje Guddal / NRK
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast