Aggressive pasientar gjorde skade

Fleire tilsette i Helse Førde vart skadde av aggressive pasientar sist månad, skriv Firda. Ved eitt tilfelle måtte dei tilsette ta i bruk tvangsmiddel mot ein utagerande pasient. I 2017 var det 65 rapporterte valdstilfelle i helseføretaket.