Hopp til innhold

- Legg ned helseføretaka

Nedlegging av helseføretaka og ei omorganisering av helsestellet er Åge Starheim si oppskrift på problema til Helse Førde.

Åge Starheim
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Vi har spurt toppkandidatane kva dei meiner om nokre aktuelle problemstilingar for Sogn og Fjordane.

Høyr portrettet med Åge Starheim

1. Kor aktuelt meiner du det er å bruke bompengar i fylket for å betale for samferdselsprosjekt?

– For meg er det heilt uaktuelt og uakseptabelt å krevje inn bompengar.

2. Kva meiner du bør skje med den planlagde 420 kV kraftlinja tvers gjennom fylket?

– Hadde fleirtalet på Stortinget støtta FrP sitt framlegg om gasskraftverk i Møre og Romsdal var det unødvendig å bygge lina.

3. Kva vil du gjere for få slutt på fråflyttinga frå fylket?

– Bygge ut ein tilfredsstillande infrastruktur, som kan gjere det mogleg for næringslivet å overleve i fylket.

4. Kva meiner du må gjerast for at Helse Førde skal kome ut av dei økonomisk problema?

- Nedlegge helseføretaka og syte for omorganisering av helsevesenet, samt løyve meir midlar for å sikre ein tilfredsstillande beredskap i heile landet.

5. Kva er det viktigaste du som politikar vil gjere lokalt for miljøet?

– Medverke til å gjennomføre dei 30 konkrete forslaga til betring av miljøet som FrP har lagt fram på Stortinget.

Litt meir personleg:

1. Kva har vore avgjerande for partivalet DITT?

– FrP sin glimrande politikk, der menneske og menneske sin valfridom er i høgsete.

2. Kva sak er den viktigaste for DEG å kjempe for dei neste fire åra?

– Få framskunda bygginga av Stad skipstunnel.

3. Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnarar?

– At dei har same mål og meining som er hovudmåla i FrP sintt handlings- og prinsipprogram.

4. Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Høgre

5. Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Dei raud/grøne

Høyr også portrettet med andrekandidaten Anne June Iversen