NRK Meny
Normal

Åge Bøyum frå Lærdal er i jordskjelvområdet i Nepal

Nepal er i dag råka av ei nytt kraftig jordskjelv. – Fleire personar er skadde og omkomne, fortel Åge Bøyum frå Lærdal, som deltek i hjelpearbeidet.

Åge Bøyum

I NEPAL: Sjukepleiar Åge Bøyum frå Lærdal jobbar på feltsjukehuset til Røde Kors i Nepal

Foto: Mari Aftret Mørtvedt

– Det har vore eit kraftig jordskjelv, sannsynlegvis 7,1 på richters skalaen seier Bøyum på ei dårleg telefonline frå Nepal.

Bøyum seier det også har vore fleire etterskjelv.

Bøyum er på Røde Kors sitt sjukehus i Chautara, som er den viktigaste byen i Sindhupalchowk-distriktet, som vart hardast råka av jordskjelvet den 24. april. Den gong omkom 8.000 personar og fleire hundre tusen heimar vart øydelagde. Meir enn 17.800 vart skadde.

Bøyum er utdanna sjukepleiar og lektor ved sjukepleieutdanninga i Sogn og Fjordane, og har lang erfaring frå internasjonalt arbeid for Røde Kors. Dette er tiande gongen Bøyum er ute i oppdrag for Røde Kors. Tidlegare i år var han også i Sierra Leone.

Episenter ved Mount Everest

– Vi har allereie fått inn både skadde og omkomne seier, Bøyum.

Han har førebels ikkje noko oversikt over kor mange dei har fått inn, men reknar med at talet berre kjem til å auke ut over kvelden.

Bøyum fortel at ingen av dei norske hjelpearbeidarane er skadd i jordskjelvet råka 68 kilometer vest for byen Namche Bazar, nær Mount Everest.

–Vi har det bra og bur i telta våre, som er det tryggaste når du er i eit jordskjelvområdet.

Laster kart, vennligst vent...

Vil ta langt tid å få oversikt

– Jordskjelvet har kome i eit området med mange landsbyar som ligg uvegsomt til.

Han reknar med at det vil ta lang tid å få oversikt over omfanget av skadane etter det siste jordskjelvet.

– Eg er no på akuttmottaket der vi tar i mot skadde og omkomne etter kvart som dei kjem inn. Vi må berre jobbe på, og gjere så godt vi kan.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen