Jaktar på hjarterom og husrom i Sogn og Fjordane

Mange utvekslingsstudentar ynskjer å kome til Sogn og Fjordane når dei landar i Noreg om nokre veker, men framleis står mange utan ein vertsfamilie å kome til.

Småbarnsforeldre (illustrasjon)

KVARDAG: Utvekslingsstudentane kjem til Noreg for å oppleve korleis den norske kvardagen er. Organisasjonen AFS oppmodar fleire familiar i Sogn og Fjordane til å opne sin heimen for ein elev i eitt år. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– Vi skulle gjerne hatt fleire vertsfamiliar i trivselsfylket. No har vi ein familie på Leikanger, og kanskje ein i Førde, men det er for lite, seier Lasse Narjord Thue i utvekslingsorganisasjonen AFS.

Dei siste åra har det vore opp mot sju utvekslingsstudent i fylket, og organisasjonen vil helst ha opp mot like mange dette året.

– Vertsfamilien kjem i alle former og fasongar. Dei skal spegle det norske samfunnet. Om det er ein eller to foreldre, små eller store, mine, dine, våre eller ingen born har ingenting å seie. Det viktige er at ein kan ta i mot ein elev og har plass til vedkomande i året som kjem. Det betyr både plass rundt middagsbordet og tid til å gje han eller ho merksemd, seier Thue.

Lasse Narjord Thue i AFS Norge håpar fleire vil ta i mot utvekslingsstudentar.

HUSROM: Organisasjonen AFS har til no berre ein vertsfamilie klar i Sogn og Fjordane, Lasse Narjord Thue håpar fleire vil opne heimane sine.

Foto: AFS Norge

– Mange ynskjer å bu i Sogn og Fjordane

22. august kjem 150 ungdommar frå heile verda til Noreg for å bu eit år saman med ein norsk familie og lære om norsk kultur og språk. Eleven går på vidaregåande skule, og skal bli som eit ekstra familiemedlem i eitt år. Med berre eit par veker igjen før elevane kjem, står 35 av dei framleis utan ein familie å kome til.

– Det pleier å ordne seg, men det er meir krevjande dess fleire familiar som kjem på plass i siste liten. Elevane er også spente på korleis det neste året blir, og vil vite kvar dei skal bu og med kven, slik at dei kan førebu seg, seier Thue.

Elevane kjem frå heile verda, og mange ynskjer å oppleve ein anna kvardag enn det dei er vande til frå sin heimstad. Sogn og Fjordane vil truleg vere eksotisk for mange av dei snart kjem til landet.

– Mange har lyst å kome til Noreg for å oppleve norsk natur, tradisjonell norsk kultur, og vil gjerne bu i eit område som er annleis enn det dei kjenner heimanfrå, seier Thue.