Hopp til innhold

Ægir satser 18 millionar på nybygg

I mange år har Ægir bryggeri konsentrert seg om ølbrygging. Med kjempesatsing på nye lokale kjem det også edlare dråpar frå tankane i Flåm.

Evan Lewis hos Ægir bryggeri.

UTVIDAR: Ægir bryggeri i Aurland har flytta inn i nye og større lokale, og starta denne veka produksjonen i brenneriet.

Foto: Birger Meland / NRK

Ægir bryggeri i Flåm investerer opp mot 18 millionar kroner i eit nytt anlegg. Anlegget på 1.200 kvadratmeret husar ikkje berre 700 kvadratmeter lagringsplass.

Blant produksjonsutstyret som allereie er på plass i produksjonshallen, er eit eige brenneri som skal syte for endå edlare dråpar frå Flåm.

– Denne veka sette vi første akevitt på eikefat, der det skal stå i seks månader før det kjem for sal før jul. Vi har byrja å produsere Gin, og på sikt blir det også amerikansk og skotsk whisky, fortel Evan Lewis.

14.00 flasker om dagen

Saman med Aud Melås grunnla Lewis bryggeriet i 2007, som det første ølbryggeriet i fylket . Med 41.000 liter øl førsteåret, overgjekk oppstartsåret Lewis sitt håp om å klare 15.000 liter.

Ægir Bryggeri og pub i Flåm

ÆGIR: Bryggeriet har eigen pub og bryggeri med kapasitet på 1.000 liter i Flåm.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sidan har salet stige til vêrs. I fjor kring 200.000 liter øl. I år håpar dei på kring 50.000 liter meir, og ei produksjonsmengd på ein halv million liter neste år.

Til samanlikning produserer Ringnes mellom 140 og 150 millionar liter øl, medan Hansa Borg Bryggerier produserer kring halvparten i øl og cider.

– Det nye anlegget gir oss kapasitet til å produsere 3.300 flasker i timen, truleg 14.000 flasker per dag når vi har tappingsdagar, fortel Lewis.

Halv million i året

Med nybygget klart får bryggeriet ein kring 500 kvadratmeter stor produksjonshall.

(Artikkelen held fram under biletet)

Evan Lewis hos Ægir bryggeri.

NYTT: Nye tankar i nye og langt større lokale gir Ægir store moglegheiter.

Foto: Birger Meland / NRK

Ikkje heile blir køyrt i gang med det same, men det løyser likevel kapasitetsproblemet dei har opplevd sidan første dag.

– Det gir oss ein god kapasitet for mange, mange år framover. Med ein gang får vi ein kapasitet på kring 500-600.000 liter i året, med plass til fleire tankar så vi kan utvide over tid. Då kjem vi kanskje opp i mellom to og tre millionar liter i året, fortel Lewis.

Prøvebrygging i puben

Aud Melås og Evan Lewis

PRISAR: Aud Melås og Evan Lewis har vunne prisar sidan dei starta ølbryggjeriet i 2007.

Foto: Noregs Mållag

I tillegg vil dei halde fram bryggeriet i Ægir pub. Dette er eit mindre bryggeri med kapasitet på kring 1.000 liter.

Omvising og moglegheita til nærkontakt med ølproduksjonen har vore populært blant gjestene.

– Her kan vi prøvebrygge og ha det litt moro, seier Lewis og legg til at nyanlegget gjer at alt Ægir-øl frå no av blir produsert lokalt.

Alt blir lokalt produsert

Dei siste to åra har ølet også blitt produsert på lisens i Belgia. Den siste bestillinga gjekk seint i fjor, og desse flaskene blir truleg utselt i løpet av sommaren.

Bryggeriet sender i dag øl til heile landet. Frå til Svalbard i nord til Kristiansand i sør, men også til Sverige, Finland, USA og England.

– Det absolutt dyraste ein kan gjere innan mat, er å investere i bryggeri. Men marknaden er der, interessa for lokalt og mangfaldig øl er veksande. Denne investeringa var viktig både for vår identitet som lokalt øl, og for å halde kontroll på produktet og den vidare utviklinga, seier Lewis.

– Fint med mangfald

Ægir har opp gjennom tida fått fleire prisar. I kjølvatnet har det også kome fleire lokale bryggeri til. Mellom anna i Florø og i Dale.

– Det er fint at det er fleire som satsar på å lage godt og spennande øl. Det gir eit mangfald, og ikkje berre lys pilsner, seier Lewis.

Kinn bryggeri går så det susar

SJÅ TV-SAK: Kinn bryggeri går så det susar.