Hopp til innhold

Ægir og Kinn kan bli Årets øl

Øl frå Ægir Bryggeri i Flåm og Kinn Bryggeri i Florø er mellom dei fem finalistane i kåringa av Årets øl 2012.

Ægir bryggeri

I FINALEN: Ægir Bryggeri er i finalen i kåringa av Årets øl.

Foto: Evan Lewis

Det er Bryggeri- og drikkevareforeningen i samarbeid med Ølakademiet og Aperitif som står bak kåringa.

I alt var det 90 påmelde ølsortar frå 21 bryggeri i 15 fylke. Då er det påfallande at to av dei fem finalistane kjem frå Sogn og Fjordane.

Kinn Bryggeri er representert av Kinn Jubileum i finalen, medan Ægir India Pale Ale er Ægir Bryggeri sin representant. Dei tre andre er Grans Premium Pils frå Grans Bryggeri i Sandefjord, Imperial Rye Porter frå Nøgne Ø i Grimstad og Aass Bayer frå Aass Bryggeri i Drammen.

For Kinn Bryggeri stansar det ikkje der. Rosa Kinn er mellom dei tre ølsortane som konkurrerer om tittelen Årets Innovasjon.

Espen Lothe, Kinn bryggeri.

I TO FINALAR: Espen Lothe i Kinn Bryggeri.

Foto: Birger Meland / NRK

– Veldig stor stas

Og for Espen Lothe i Kinn Bryggeri blir det ein spennande finale i Stavanger laurdag. Han er sjølvsagt godt nøgd med å vere så godt representert.

– Det er veldig stor stas, eg set veldig pris på å kome så høgt opp. Eg håpar å nå heilt til topps, men det er jo veldig gode øl dei andre som er med, så eg tek ikkje noko for gitt.

– Kva trur du er grunnen til at to ølsortar frå Kinn Bryggeri er med i kåringa?

– Eg håpar det er fordi vi lagar veldig bra øl. Jubileum er eit kveiteøl og som vi har jobba lenge med og som vi no synest vi har fått det beste ut av. Eg håpar at juryen synest det same.

– Det at to ølsortar frå Sogn og Fjordane er mellom dei fem i finalen i kåringa av Årets øl er nokså spesielt?

– Det er veldig bra i forhold til folketalet iallfall. Det er ei stadfesting på at det vi driv med både her på Kinn og på Ægir er bra. Ein treng ikkje vere konsentrert om dei store byane for å lage godt øl.

Evan Lewis

GJER DET GODT: Evan Lewis i Ægir Bryggeri.

Foto: Arne Veum

Finalen går av stabelen i Det Norske Måltid i Stavanger laurdag 5. januar. Finalen blir vist på TV2 søndag 6. januar.