Hopp til innhold

Advokat vil slå saman tingrettane

Fjordane tingrett og Sogn tingrett får felles leiing og vil bli styrt frå Førde. Men ifølgje advokat Louis Anda kan tingrettane like gjerne gå heilt saman.

Luis anda

SLÅ SAMAN: Eg har ikkje noko problem med at tingrettane i Sogndal og i Førde blir slegne saman, sa advokat Luis Anda.

Foto: Bård Siem / NRK

Dommarar, advokatar, ein representant frå politiet og leiaren i Sogn regionråd var samla i Sogn tingrett tidlegare i dag. Temaet var presentasjon av den nye organiseringa av tingrettane.

Det skal framleis vere to tingrettar i fylket, ein i Sogn og ein i Førde. Det nye er at dei to tingrettane skal leiast av ein og same person, sorenskrivar Terje Mowatt i Førde. Alle som tok ordet var positive til den nye organiseringa.

Vil ha rettssakene i Sogndal

Men Sogndal-advokat Louis Anda meinte tingrettane like gjerne burde gått heilt i hop, i ein ny Sogn og Fjordane tingrett.

Om det heiter Sogn tingrett eller Sogn og Fjordane tingrett, betyr ingen ting.

Louis Anda

– Domstoladministrasjonen går inn for at det skal bli færre domstolar, og då tenkjer eg Sogn tingrett vil vere ein av dei som må bøte med livet. Eg synest eigentleg det er greitt, men føresetnaden må vere at rettsstaden Sogndal består, at ein har rettslokale her og at rettssakene i Sogn går i Sogndal. Om det heiter Sogn tingrett eller Sogn og Fjordane tingrett, betyr ingen ting, sa Anda.

Små ressursar i Sogndal

Korkje Fjordane eller Sogn tingrett kan slå i bordet med mange dommarar og store fagmiljø, men spesielt ved Sogn tingrett har dei slite med små ressursar og lite effektiv saksavvikling.

Terje Mowatt

SKAL LEIE: Sorenskrivar Terje Mowatt skal leie både Sogn tingrett og Fjordane tingrett. Dommarane må rekne med reise ein del i fylket, sa han.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ved felles styring av dei to tingrettane er målet å utnytte ressursane betre og at saksgangen går rausare, sa Terje Mowatt.

Sorenskrivar ved Sogn tingrett, Harald Hjermann, har ikkje noko problem med at sorenskrivar Mowatt i Førde blir hans nye sjef.

Harald Gjermann

SORENSKRIVAR: Sorenskrivar i Sogn, Harald Hjermann, har ikkje noko problem med å bli styrt av sorenskrivar Terje Mowatt i Førde.

Foto: Bård Siem / NRK

– Nei, eg har ingen problem med at Terje Mowatt blir sjefen min. Ved å få felles leiing av tingrettane er det ikkje lenger noko behov for samanslåing, sa han.

Fryktar samanslåing

Politiinspektør Bjørn Larsen ved Sogn og Fjordane politidistrikt var veldig positiv til den nye organiseringa.

– Dette er ei organisering politidistriktet ser positivt på, sa han.

Harald Offerdal, Ap-ordførar i Balestrand og leiar i Sogn Regionråd, var positiv til endringane. Samtidig uttrykte han frykt for at neste steg vil vere full samanslåing av tingrettane.

– Full samanslåing vil føre til altfor store avstandar, sa han mellom anna.