Hopp til innhold

Advokat støttar ulovleg innreise

Advokaten til Simon (9) og faren hans, Roland Kjeldahl, støttar avgjerda om å reise til Norge. Sjølv om det er gjort på ulovleg vis.

Video nsps_upload_2009_11_18_21_23_39_743.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Både advokaten deira og leiaren i aksjonsgruppa meiner utviste Fkade Thaye gjorde rett i å reise attende til Norge saman med sonen Simon (9).

I dag var Simon og far hans Fkade Thaye attende i Florø, der dei no sit i kyrkjeasyl. Dei to vart i september sendt ut av landet etter halvanna år i kystbyen.

Advokaten deira, Roland Kjeldahl, kjende ikkje til at dei to var attende i Florø, men støttar avgjerda om å returnere til Norge.

- Hadde ikkje noko val

Kjeldahl meiner tilhøva under open himmel i italienske Bari ikkje eigna seg for den vesle guten. Dei to vart sende til Italia sidan det var der dei først søkte asyl, før dei kom til Norge.

- Eg forstår det veldig godt. Og dersom ein skal legge til grunn, og det må ein, at den livssituasjonen dei var i er reell, så kan eg ikkje sjå at dei hadde noko val i det heile. Det støttar eg fullt ut og eg vonar at også styresmaktene vil forstå det, seier han.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-SAKA)

Video nsps_upload_2009_9_10_18_47_7_1284.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Eit modig val

Dei to reiste med fly frå Italia til Sverige, og kom til Oslo med tog. Det er framleis uvisst for NRK korleis Simon og Fkade klarte å krysse grensene utan gyldige papir. Utsendinga engasjerte mange, og det vart oppretta aksjonsgruppe for å få dei to attende. Leiar Kåre Leif Hollevik er glad for å sjå dei to attende i Florø.

- Eg tykkjer det er eit modig val av ein far, seier han.

Var utvist

Etter utsendinga kom det fram at faren til Simon hadde bløffa seg til opphald i Norge. Ifølgje Utlendingsnemnda skal Fkade ha fila fingertuppane sine, og stakk av då politiet kom for å hente han i mars i år. På grunn av dette vart han utvist for brot på utlendingslova.

- Når dei ikkje har lovleg opphald i Norge, så har dei kome på ulovleg vis?

- Kva som er lovleg er ulovleg i ein kvar rettstat vil det vere gråsone om kva som er lov og ikkje lov. Akkurat denne saka er i denne gråsona, seier Hollevik.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-SAKA)

Video nsps_upload_2009_9_17_18_29_46_1911.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Heilt greitt å bryte lova

- Men regelverket er svært tydeleg på innreise og opphaldsløyve. Det er velkjent at desse to har fått avslag både hjå UNE og UDI.

- Eg meiner at denne saka ikkje tilhøyre ein klar kategori av ei ulovleg handling, seier Hollevik.

- Det blir stilt spørsmål om du ikkje er med på å bryte lova her. Er du det?

- Om så var, så er det heilt greitt, seier leiaren i aksjonsgruppa.

Video nsps_upload_2009_9_14_18_27_2_1514.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.