Hopp til innhold

Administrerer festivalen frå campingvogn

NORDFJORDEID (NRK): Festivalsjef for Malakoff Rockfestival, Arnt Ivar Naustdal, og familien har flytta inn på festivalområdet og bur i ei campingvogn under arrangementet.

Festivalfamilien

CAMPAR BACKSTAGE: Familien har installert seg i ei campingvogn på backstageområdet under festivalen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det er tredje gongen familien bur i campingvogn på festivalområdet, sjølv om dei berre bur ti kilometer unna på Haugen.

– Det er reint praktisk. Det er fint og kunne legge seg ned på når ein trenge det, og vi slepp å organisere køyring fram og tilbake, seier festivalsjefen.

Campar ein gong i året

Sjølv meiner Naustdal det er lite rocka og bu i campingvogn, men tykkjer det er godt å sleppe å reise vekk frå festivalområdet.

– Det er godt for oss å vere her. Sjølv om det er kort heim er det kjedeleg å reise vekk når ein har ansvar for heile festivalen, seier han.

Hege Lillestøl, kona til festivalsjefen, har ansvaret for backstageområdet og ho fortel at dei ikkje har for vane å reise på campingturar.

– Det er ein gong i året vi campar, og det er før og under Malakoff, fortel Lillestøl.

Heile familien i sving

Rockefamilie

ROCKEFAMILIEN: Heile familien er engasjerte i førebuingane og under Malakoff Rockfestival.

Foto: Alf Vidar Snæland

Heile familien har vore engasjerte i både førebuingar til arrangementet og under festivalen.

Runar (15) har vore med og rigga på området og servert mat til dei som har delteke, Peder (13) har hengt opp plakatar, belysning og dukar, medan Anna (11) har vaska bord og pynta.

Dei synast alle det er kjekt å bu i campingvogna, men fortel at det kan by på nokre utfordringar.

– Det har byrja å bli litt kort i lengda for meg, fortel Runar.

– Og når Runar røyrer på seg medan han søv, bevegar heile campingvogna seg, seier Lillestøl.

Inga spesialbehandling

Sjølv om ungane har tilgang til området der alle artistane held seg før og etter dei er på scena får ikkje ungane spørje om autografar og bilete.

– Her er artistane sitt friområde, så her skal dei ikkje forstyrrast og ungane er flinke til å respektere det. I fjor såg vi Bård og Vegard Ylvisåker borte i Eidsgata og då spurte ungane om dei kunne få lov til å spørje om autografar no då, fortel Hege.

Men nokre artige opplevingar vert det.

– Timbuktu kom bort til meg eit år og spurte om vi ikkje skulle ta bilete, fortel Runar.

Er du på Malakoff? Merk gjerne bileta din med #nrksf. Du kan også følgje oss på Instagram - @nrksf