Hopp til innhold

Abenezer (5) må forlate Sogndal i april

Utlendingsdirektoratet (UDI) har bestemt at den fem år gamle autisten Abenezer og familien hans vert flytta frå Sogndal til asylmottaket i Arna utanfor Bergen i slutten av april.

Støttemarkering for Abenezer

MÅ SNART FLYTTE: Abenezer og familien har fått avslag på søknaden om opphaldsløyve i Norge. Men fordi foreldra er såkalla papirlause kan dei ikkje sendast tilbake til heimlandet. Men uansett så må familien no flytte frå bygda der Abenezer har budd heile livet sitt.

Foto: Vibeke Johnsen

I ein e-post NRK har fått tilgang til opplyser seniorrådgjevar Oscar Nilssen i Region- og mottaksavdelinga ved Regionkontor Vest at den omstridde flyttinga truleg vil skje i veke 17, altså siste veka i april. Mottaket i Sogndal vert lagt ned 30. april.

– Vi er opptatt av at familien skal bli godt teken vare på under og etter flytteprosessen, og håpar på eit godt samarbeid og god informasjonsutveksling med alle involverte samarbeidspartnarar, skriv Nilssen i e-posten til far til Abenezer.

– Tek tid å byggje same tilbodet

Like roleg er ikkje ein av familien sine støttespelarar i Sogndal, Bjarte Vatlestad.

– Avgjerda kjem ikkje som noko overrasking, men samstundes er det overraskande at UDI tek så lite omsyn til kva som er guten sitt beste, meiner han.

Vibeke Johnsen og Unn Elin Lohne

ENGASJEMENT: Vibeke Johnsen og Unn Elin Lohne var ein av mange som tidleg i mars som deltok på nattevake for å syne solidaritet med familien til Abenezer.

Foto: Privat

– Trur du ikkje han kan få eit like godt tilbod i Arna som det han har hatt i Sogndal?

– Det er mogeleg at han kan få, men det tek lang tid å byggje opp. Det er ikkje berre snakk om å få tak i fagpersonale, men det å byggje ein ny relasjon til ein person i hans situasjon tek ekstremt lang tid. Resultatet av flyttinga kan bli at han risikerer å miste fleire år av utviklinga si fordi han no på mange måtar må starte på nytt, fryktar Vatlestad.

Sterkt engasjement

Saka om den fem år gamle guten har vakt sterke kjensler i Sogndal. Spesielt etter at det i januar blei kjent at asylmottaket, der Abenezer bur saman med foreldre og to søsken, skal leggast ned. Alle bebuarane har fått beskjed om at dei må flytte frå kommunen.

For Vatlestad og dei mange støttespelarane i Sogndal er kravet at familien må få verte buande i Sogndal, der dei meiner den autistiske guten vil få den beste hjelpa. Det er her han og går i barnehagen, og ifølgje Vatlestad har kommunen no brukt mykje ressursar på å førebu skulestart til hausten.

– Vi har ikkje gitt opp sjølv om han no vert flytta til Arna. Det langsiktige målet er jo sjølvsagt at han og familien skal få bli i Norge. Det er den einaste fornuftige løysinga. Det trur eg alle ville ha vore samde i om dei visst kva dette handla om, seier Vatlestad.