Hopp til innhold

Aase-tvillingane til Sogndal

Florø-talenta Stefan og Peter Aase (16) skreiv under for Sogndal på ein pressekonferanse klokka 10 i dag.

Stefan (t.v.) og Peter Aase

Stefan (t.v) og Peter Aase skreiv under for Sogndal, men skal spele for Florø ut sesongen.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Det var mange tilbod rundt om kring og vi var usikre på kva som var det beste valet, men Sogndal hadde det beste tilbodet sportsleg og elles, seier Stefan Aase.
- Her kjem vi rett inn til a-stallen. I Brann måtte vi ha gått via juniorlaget. Vegen hadde blitt mykje lenger, seier tvillingbroren Peter.

Sa nei til storklubbane

Dei to har dominert for moderklubben Florø i 3. divisjon i fleire sesongar allereie, og gjort seg grundig bemerka på landslagssamlingane for 1995-kullet. Det har gjort dei svært ettertrakta blant norske eliteserieklubbar. I tillegg til at dei har vore på treningsopphald hjå Brann, Molde og Aalesund har også Stabæk og Viking vist stor interesse. At valet til slutt fall på Sogndal skuldast nærleiken til Florø og det daglege treningsnivået.

- Tempoet på treningane i Sogndal blir sjølvsagt mykje betre enn i for eksempel Brann 2. Det er 3. divisjon og då kunne vi like godt blitt i Florø eitt år til, seier Stefan Aase.

To dråpar vatn

Det er ikkje godt å sjå skilnaden på dei to, både utsjåandemessig og som fotballspelarar. Begge er svært gode med ballen i beina og gode pasningsleggjarar.

Stefan er er nokre centimeter høgare enn broren og har sin store styrke ein mot ein offensivt. Han spelar først og fremst offensiv midtbane eller kant. Peter har i år styrt Florø-midtbana med stor arbeidskapasitet og ei speleforståing 16-åringar sjeldan har.

Blir i Florø

Dei to skal flytte til Sogndal til hausten og byrje på vidaregåande skule. Dei skal trene med Sogndal, men halde fram med å spele kampar for Florø ut sesongen. Florø sit etter det NRK forstår att med om lag 200.000 kroner for kvar av dei to spelarane, i tillegg til ein solid del av overgangssummen dersom dei to blir selde vidare frå Sogndal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Peter (t.v.) Aase, Tore André Flo og Stefan Aase skriv under kontrakten.

Stefan (t.v), Tore Andre Flo (midten) og Peter Aase (t.h) skreiv under kontrakter for Sogndal i dag.

Foto: Arve Uglum / NRK


Kunne fått meir pengar

Florø-trenar Terje Rognsø seier klubben har teke del tvillingane sin beslutningsprosess, men lete spelarane ta det viktigaste valet.

- Vi var mest opptekne av kva spelarane sjølve valde. Vi var ikkje så opptekne av å få ut nokre ekstra kroner ein eller annan plass. Det er forskjell på dei økonomiske musklane i Sogndal i forhold til Brann, Molde og Aalesund.

- Kunne de fått meir pengar frå ein annan klubb?

- Det trur eg, seier Rognsø.

Fleire kan kome

Aase-tvillingane kjem frå Florø Fotball sitt 1995-kull, som går for å vere det beste ungdomskullet Sogn og Fjordane har fått fram på mange år. Aase-tvillingane er dei første spelarane som går frå Florø til Sogndal, men Rognsø utelukkar ikkje at det blir fleire i åra som kjem.


- Vi må sjå heilskapen i dette. Vi trur vi har andre spelarar som kjem etter, seier han og tenker sannsynlegvis på spissen Kristoffer Ryland og midtstopparen Runar Hove.

Stor konkurranse

Sogndal har vanlegvis pleidd å vente til spelarar frå fylket har fylt 17 før dei hentar dei frå moderklubbane, men denne gongen kunne dei ikkje vente.

- For det første har det vore stor konkurranse om desse spelarane. I tillegg er det viktig for spelarane å kome i ein posisjon der dei kan utvikle seg vidare. Dei har kome i ein situasjon der dei er best i klubben sin, og det bør du ikkje vera som 16-åring. Difor treng dei nye lagkameratar å strekke seg etter, seier sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling.

I tillegg er det ikkje til å kome bort frå at det er noko spesielt med desse to spelarane. Allereie som 15-åringar var dei fotballmessig modne nok til å vere berebjelkar på eit seniorlag, og Fylling må vedgå at det ikkje dukkar opp slike spelarar i kvar årgang.

- Dei har vore med oss på treningsleirar og treningskampar. Der har dei vist at dei står ikkje tilbake for nokon som helst, seier Fylling.

Gler seg til hausten

Tvillingane har vore gjenstand for konstante overgangsspekulasjonar i over eit år. Dei er no glade for at den tida er over og gler seg til hausten.

- Det blir spennande å flytte heimefrå og bu på hybel, men vi kjenner mange sogndøler gjennom kretslaga så det skal nok gå bra, seier Peter Aase.

- Er det spesielle spelarar på Sogndal de trur de kan lære noko av?

- Henrik Furebotn. Han er ein eg ser opp til og som eg kan lære litt av, seier Peter Aase.

- For min del er det Ole Jørgen Halvorsen, seier Stefan Aase.