Hopp til innhold

Aase-brørne nærmar seg Sogndal

Florø-talenta Stefan og Peter Aase kan vere klare for Sogndal i løpet av kort tid.

Peter Aase (t.v.), Eirik Bakke og Stefan Aase

STORTALENT: Peter (t.v) og Stefan (t.h) går for å vere dei beste 16-åringane fylket har sett sidan Eirik Bakke (i midten).

Foto: Arve Uglum / NRK

- Vi er i ein positiv dialog med Sogndal, men korkje klubbane eller spelarane har skrive under på noko, seier styremedlem Kjetil Søvik i Florø Fotball.

Den nevnte overgangen kan likevel vere nært foreståande. Sogndal Fotball og Florø Fotball skal etter det NRK kjenner til møtast for å diskutere dei 16 år gamle tvillingane i samband med Sogndal sin treningskamp mot Førde i Bygstad i ettermiddag.

- Vi kommenterer ikkje spelarovergangar før overgangane har funne stad, seier ein ordknapp Egil Mundal, dagleg leiar i Sogndal Fotball, som samtidig stadfestar at han skal i møte med Florø.

Stortalent

Dei to aldersfastlagde midtbanespelarane er rekna for å vere blant dei fremste fotballtalenta i landet i si aldersgruppe og ei lang rekke eliteserieklubbar har bydd seg fram. Dei har vore på treningsopphald med Ålesund og Molde, i tillegg til at dei var med Sogndal på treningsleir i Spania før denne sesongen starta. Tidlegare har dei også vore knytte til Brann, Stabæk og Viking.

Var skeptiske

No tydar mykje på at valet likevel fell på Sogndal, sjølv om spelarane sjølve har uttrykt skepsis til at klubben sitt rekrutteringslag er å finne heilt nede i 4. divisjon. Dei to har dominert stort i 3. divisjon for Florø i fleire år allereie.

- Vi er for gode for 4. divisjon, men ikkje gode nok for eliteserien, sa Stefan Aase etter at han var med og spelte treningskamp for Sogndal i slutten av januar. I denne kampen gjorde han seg bemerka ved å først skaffe Sogndal eit straffespark, før han skåra sjølv etter ein lekker solo-prestasjon.

Florø ut sesongen

Dei to talenta blir likevel ikkje med og kjempar for eliteseriestatusen til Sogndal i haust. Etter det NRK kjenner til er planen at dei skal bu, trene og gå på vidaregåande skule i Sogndal, men framleis spele for Florø ut sesongen.