Hopp til innhold

Aarvik (Frp): Først ja, så nei, så ja igjen

HERMANSVERK (NRK): Marita Aarvik frå Framstegspartiet røysta for sal av Fjord1 til Torghatten. I går angra ho og ville seie nei, men i løpet av natta har ho endra sitt syn tilbake til eit tydeleg ja til salet.

Marita Aarvik FrP

ANGRAR IKKJE: Marita Aarvik vil likevel ikkje gå imot salet av Fjord1-aksjar til Torghatten.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Forvirra? Du er ikkje åleine. Frp-representanten Marita Aarvik i fylkestinget var ein av dei 16 som røysta for å selje fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 til Torghatten.

Så kom det fram nye opplysningar i ettertid, og Aarvik sa til avisa Firda at ho har snudd.

– Det eg sa var at det virka som det var opplysningar som var haldne igjen. Det kom fram såpass mykje at eg lurte på om noko var halde tilbake for oss. Antyda 150 mill meir. Slik det blei framstilt der, så ville jo eg hatt mest mogleg for aksjane, seier Aarvik til NRK onsdag morgon.

Men natt til onsdag blei partipisken i Framstegspartiet svinga, og Aarvik går no tilbake på alt ho sa til Firda.

– No har eg i ettertid fått vite den informasjonen som eg etterlyste, og føler meg no veldig komfortabel med den avgjerda har gjort. No står eg for det vi røysta for i fylkestinget på sal av Fjord1. At all informasjon kjem ut er utruleg viktig for slike avgjerder.

– Men du fekk jo mykje informasjon i dei lukka møta som media og publikum ikkje fekk vere med på?

– Eg har ingen problem med å støtte den fleirtalskonstellasjonen som er, og kjem også til å gjere det neste fredag.

– Kva reaksjonar har du fått frå partifeller etter det du sa til Firda?

– Det trur eg ikkje eg skal kommentere.

– Kvifor ikkje?

– Vi er ulike menneske, nokon har hatt informasjon lenge, medan eg kjem inn som ny. Vi går vidare med saka, og kjem til å røyste på same måte som sist neste fredag.

Fredag 18. desember blir fylkestinget kalla inn til eit ekstraordinært møte i Fjord1-saka. Einaste på sakskartet blir kravet om lovlegkontroll frå Arbeidarpartiet, Venstre, SV og MDG.