NRK Meny
Normal

Aarethun ny leiar i Lærdal Ap

Tidlegare fylkesordførar og ordførar i Lærdal, Knut O. Aarethun, blir ny leiar i Lærdal Arbeidarparti.

Årsmøte i Lærdal Arbeidarparti

Kring 45 personar har møtt til årsmøtet. Det er meir enn dobbelt så mange som ved førre årsmøte.

Foto: MMS- Simon Solheim / NRK

Det avgjorde årsmøtet måndag kveld. Aarethun var innstilt av partiet og fekk 21 av røystene. Barnevernsleiar i Årdal, Hadle Blikra melde sitt kandidatur i helga , men fekk berre 15 røyster. Tre medlemer røysta blankt.

Krass kritikk

Nemnde Blikra innleia årsmøtet med krass kritikk mot årsmeldinga. Som ordførar gjorde Sanden endringar i budsjett og økonomiplan for Lærdal kommune, utan å orientere rådmann Bent Arild Grytten. Dette var starten på konflikten mellom ordføraren og rådmannen i kommunen.

Blikra kritiserte ordføraren for heller ikkje å høyre på medlemane i partiet i samband med dette. Sanden ville ikkje svare på skuldingane under møtet og meinte det kring 20 minuttar lange innlegget var misbruk av årsmøtet si tid.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.