Hopp til innhold

«Ingen garanti for kva som vil skje etter 1. juli»

Eit nei til kommunesamanslåing, gir ingen garanti for at kommunen kan halde fram som sjølvstendig. Det må folk vere klar over, seier valforskar Frank Aarebrot.

Frank Aarebrot

POLITIKARANE BESTEMMER: Etter 1. juli er det Stortinget som skal bestemme korleis det nye kommunekartet skal sjå ut. Då kan eit nei fort bli overkøyrt, ifølgje Aarebrot.

Foto: ÅGE ALGERØY / NRK

Måndag 4. april skal seks av kommunane i Sunnfjord ha folkerøysting om kommunesamanslåing. I tre av dei andre blir innbyggjarundersøkinga presentert. Og utover våren skal det same skje i alle kommunane over heile fylket.

Men kva skjer når folket har tala? Makta ligg framleis hos politikarane, seier Aarebrot.

– Det hjelper alltid å få råd, men alle folkerøystingar er rådgjevande. Det er dei valde politikarane som tek den bindande og endelege avgjersla i alle saker.

Tradisjonelt låg valdeltaking

For uansett kva folket måtte meine, kan eit fleirtal bli sett til side om politikarane meiner det er best.

– Men det er klart at di høgare valdeltakinga er og di klarare resultatet er, di vanskelegare er det for politikarane i politisk praksis å gå mot folket sitt råd, seier Aarebrot.

Ifølgje han har det tradisjonelt vore låg deltaking ved lokale folkerøystingar, og at det gjerne er dei mest interesserte som går til valurnene. Han meiner heilt klart at innbyggjarundersøkingar difor er meir eigna til å spegle folket si meining.

Folk bør også vere klare over at sjølv om kommunane no har fått fridom til å inngå intensjonsavtalar med dei kommunane dei ønskjer, så treng ikkje eit nei å bli eit nei i praksis, slår Aarebrot fast.

– Om folk i ein kommune har stemt nei, i den tru om at kommunen skal få bli sjølvstendig, så kan Stortinget, viss regionale og lokale omsyn tilseier det, tvinge kommunen inn der likevel, eller i ein annan kommune. Det er ingen garanti for kva som vil skje etter 1. juli, seier han.

– Toget går no

Bjørn Lødemel i Vevring

BER FOLK DELTA: Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, oppmodar folk til å engasjere seg.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, er ivrig pådrivar for kommunereforma, og seier den vil kome innan kort tid uavhengig av det som skjer no.

– Eg vil oppmode folk om å bruke moglegheita til å seie kva dei ønskjer. Det toget går no, seier han.

Men tvang kan likevel bli aktuelt.

– Det er ei heilt klar linje at ein ønskjer ein frivillig kommunereform, men det har vore sagt frå regjeringa si side at dei tilfella ein kan bruke tvang i, er om ein kommune blokkerer for ei samanslåing der kanskje tre-fire kommunar vil slå seg saman.

Lødemel avviser at det er slutt på den frivillige linja etter 1. juli.

– Tvert i mot. Då skal det jo behandlast det som kjem her, og så skal Fylkesmannen seie sitt. Og då er det jo sjølvsagt viktig at lokalpolitikarane har gjort grundige vurderingar, og at dei konklusjonane dei kjem til er godt fundamenterte i fakta.