Hopp til innhold

Frank Aarebrot meiner Vågsøy-ordføraren sit trygt

I kystkommunen rasar politikarane etter at Arbeidarpartiet braut ein samarbeidsavtale. – Dette syner berre at ein ikkje bør inngå avtaler basert på budsjettbehandlinga i kommunane, seier professor Frank Aarebrot.

Frank Aarebrot

SIT TRYGT: Professor i politikk, Frank Aarebrot seier vågsøyordføraren sit trygt, trass avtalebrot.

Foto: NRK

– At det er eit avtalebrot det er det ikkje tvil om. Og at folk kan verte opprørte over det, det kan ein forstå, seier Aarebrot, mangeårig arbeidarpartimedlem og professor i politikk ved Universitet i Bergen.

I Vågsøy har det vekt sterk harme at Arbeidarpartiet har brote ein avtale dei hadde med Frp, Senterpartiet og Tverrpolitisk liste.

Gruppeleiaren i Frp har karakterisert framferda til Arbeidarpartiet som eit svik. I byte for freding av skulane og at eigedomsskatten ikkje skulle rørast inngjekk Frp ein avtale som sikra Arbeidarpartiet ordføraren.

Etter snuoperasjonen frå Arbeidarpartiet vedtok kommunestyret i går å legge ned to skular og auke eigedomsskatten.

Braut avtale

– Du veit det er farleg å inngå avtalar basert på budsjettbehandlinga i kommunane, og det er ikkje sikkert at Arbeidarpartiet har gjort dette med lett hjarte, seier Aarebrot.

– Kva gjer det med tilliten til politikarane når avtalar vert brotne på denne måten?

– Folk blir skuffa over avtalebrot, men så kan du seie at dersom alternativet er å legge ned sjukeheimsplassar så vil dei pårørande til dei på sjukeheimen også verte rasande, seier Aarebrot.

Maurstad sit trygt

– Ordførar Kristin Maurstad sit trygt. Ein ordførar er vald for fire år og kan ikkje avsetjast i løpet av denne fireårsperioden, seier Aarebrot.

– Kva gjer dette med samarbeidsklimaet?

– Det vert jo ikkje særleg bra, men på ei anna side så må jo også dei andre vite at dei ikkje kan sikre budsjetta gjennom lovnader. Det går ikkje an. I motsetnad til Stortinget der politikarane kan bestemme rammene sjølve, så må kommunepolitikarane levere eit budsjett i balanse, seier Aarebrot.