NRK Meny
Normal

– Eit aggressivt namn som tvingar nabofylka med i regionen

Professoren i samanliknande politikk Frank Aarebrot trur det er eit tidsspørsmål før Rogaland og deler av Møre og Romsdal vil vere ein del av den nye Vestlandsregionen.

Frank Aarebrot

IKKJE I TVIL: Frank Aarebrot er professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, og er ikkje i tvil om at regjeringa ynskjer å presse Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og deler av Møre og Romsdal inn i ein og same region.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

17. januar signerte fylkesordførarane i Sogn og Fjordane og Hordaland ein intensjonsavtalen om å slå saman dei to fylka til eit nytt storfylket, med namnet Vestlandet. Dei er to av fleire fylke som diskuterer samanslåing, i tråd med regjeringa sin regionreform.

Opphavleg skulle Rogaland vere med i Vestlandsregionen, men Fylkestinget stemte nei og braut forhandlingane seint i fjor.

Professor i samanliknande politikk Frank Aarebrot trur likevel at nabofylka kjem til å ende opp i regionen, og at val av namn kan vere eit pressmiddel for å få dette til.

Med tanke på den politiske prosessen er dette eit relativt agressivt namneval som kjem til å påverke resultatet.

Professor Frank Aarebrot

– Trur du namnet er valt strategisk?

– Ja, det er eit stor namneval, og det aukar presset på dei to andre fylka. Det er eit tydeleg signal til Rogaland og Møre og Romsdal med forventningar om at dei skal gå saman.

Ikkje eit pressmiddel, men døra står open

Fylkesvaraordføraren i Sogn og Fjordane Åshild Kjelsnes (Ap) vil ikkje bekrefte Aarebrot sine teoriar om press.

Åshild Kjelsnes på Sunnfjord hotell

Fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane Åshild Kjelsnes (Ap) vil ikkje kalle det eit pressmiddel, men ei open dør.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Nei, eg vil ikkje kalle val av namn for eit pressmiddel. Vi ligg midt på vestlandet, og då var det naturleg å bruke det namnet.

– Om det ikkje er eit pressmiddel, så er det kanskje ein måte å halde døra open?

– Det har heile tida vore kjent at vi ynskja å ha eit stort og sterkt Vestland. Vi har hatt ei dør open, men no har to fylke funne saman, og dei andre ville ikkje vere med. Så slik er det.

Er ikkje Rogaland og delar av Møre og Romsdal også på vestlandet?

– Eg forstår at det er fleire som har ein identitet med vestlandet. Det er klart at eit Vestland gjerne kan vere større, men no jobbar vi etter den avtalen vi har med Hordaland.

Vestlandet vil bli Vestlandet

Sjølv om Rogaland og Møre og Romsdal har stått utanfor planane om ein vestlandsregion, meiner Aarebrot at fylka er splitta.

– Haugalandet har allereie sagt at dei vil vere ein del av Vestlandet, og i Møre og Romsdal kan ein hamne i ein situasjon der Nordmøre vil til trøndelagsregionen. Då står Romsdal og Sunnmøre att, som ikkje kan stå igjen som sjølvstendige fylke. Så mykje tydar på at Vestlandet vil bli Vestlandet.

– Forstår du reaksjonane på namnet frå sunnmøringane og rogalendingane?

– Det forstår eg, og det var jo meininga at Rogaland skulle vere med. Om sunnmøringane er så oppteken av å vere vestlendingar, så får dei vere med i Vestlandet då. Eller så får dei kjøpe seg skinnvest og skaffe seg bart og bli ein del av Trøndelag.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå