Hopp til innhold

Aafedt Flatland skal bli mamma

Ann Kristin Aafedt Flatland og Kristian Brekken ventar barn i byrjinga av april. Dermed går den kommande sesongen av stabelen utan skiskyttaren frå Vik.

Ann Kristin Aafedt Flatland

BLIR MAMMA: Ann Kristin Aafedt Flatland blir mamma, og må stå over den kommande sesongen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi gler oss til å bli foreldre, seier Aafedt Flatland, som mellom anna vann sprinten i Oberhof sist vinter.

Flatland ønskjer å returnere til toppidretten, og håpar å vere tilbake på startstreken til sesongen 2012-13. Ho ser dessutan framover mot neste OL.

– Eg føler eg har meir å gje på idrettsbana, så det er naturleg å sjå fram mot OL i Sochi 2014. Eg er motivert for å setje meg nye mål som skiskyttar. Sjølvsagt med atterhald om at svangerskap og morsrolla går normalt og bra, seier Aafedt Flatland.

Ho bestemt seg for å stå over alle renn kommande vinter. Men ho skal følgje samlingsopplegget fram til sesongstart.

– Eg blir med både til Ruhpolding og samlinga i forkant av Beitostølen. Dette fordi eg er ein del av laget, eg ønskjer å halde fram med treninga – og eg trur eg også kan bidra med råd og vink til dei unge løparane på elitelaget, seier Flatland.

Ann Kristin Aafedt Flatland debuterte i verdscupen i skiskyting i 2003. Ho har delteke i både VM og OL for Norge. Beste individuelle plassering i verdscupen er sigeren på sprinten i Oberhof i januar 2011.