Hopp til innhold

Aabrekk: - For tidleg seriestart

Sogndal startar eliteserien i fotball same dag som Tarjei Bø avsluttar skiskyttarsesongen. Det er for tidleg, meinar Harald Aabrekk.

Harald Aabrekk (midten), Gustav Valsvik (t.v) og Henrik Furebotn (t.h)

FOR TIDLEG: Harald Aabrekk er tydeleg ukomfortabel i den sure vinden på treningsfeltet i Årdal.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Mi personlege meining er at ein må gjere unna vinteridrettane først. Så kan fotballen få kome litt med vårløysinga og vårstemninga, og der er vi ikkje endå, seier Sogndaltrenaren berre dagar før det brakar laust.

Først skiskyting, så fotball

Søndag kveld brakar det laust då Sogndal møter Strømsgodset på Marienlyst stadion i Drammen.

Berre timar før skal skiskyttar Tarjei Bø frå Stryn forhåpentlegvis sikre seg samanlagtsigeren i verdscupen samanlagt.

Berre ei treningsbane fri for snø

Sogndalspelarane merkar framleis at det er vinter.

På Fosshaugane er stadion endå ikkje klar til bruk etter å ha lege under eit tjukt lag snø i vinter. Bana er no fri for snø, og håpet er at den vert klar til første heimekamp.

Dei siste treningane før sesongstart må Sogndal ha i Årdal. Kunstgrasbana der er den einaste i nærområdet som er klar til bruk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Barry Kader og Terje Skjeldestad (bak)

KALD: Barry Kader frå Elfenbenskysten synst det var kaldt på trening torsdag.

Foto: Arve Uglum / NRK

Få spelarar i short

I sur vind vart det ei bitande kald økt torsdag. Medan mange på laget hadde både hue og vottar, var Ulrik Flo blant dei få som var tøffe nok til å gjennomføre treninga i shorts.

- Du kan ikkje stivne i beina. Du må vere lett og smidig på tå, seier 22-åringen.

- Kva synst du om at sesongen byrjar så tidleg?

- Det er uvant og det verkar litt rart at vi er der allereie, seier Flo.

Barry Kader frå Elfenbenskysten var blant dei som trenar i både langbukse, hue og vottar.

- Det er kaldt og eg frys, men eg er likevel glad for å komme i gang, seier Kader.

Ladar opp med vinteridrett

Den rekordtidlege norske seriestarten vert tydleggjort for alvor på søndag. Før Flo skal i dyst med shorts på fotballbana, skal han sjå kompisen Tarjei Bø avslutte verdscupen i Holmenkollen.

- Vi får berre kombinere det. Han får gjere jobben tidleg på dag, så gjer eg den seinare på dag, seier Flo med latter i stemma.

  • LES OGSÅ:

- Ein inspirasjon

Og medan Bø kan stikke av med siger i verdscupen, skal Sogndal starte jakta på poeng for å behalde plassen i eliteserien.

- Eg trur Tarjei Bø vert ein inspirasjon for oss alle, seier Aabrekk.

- Men det treng gjerne ikkje skje same dagen?

- Nei, eg skulle som sagt gjerne sett at vinteridrettane var ferdige før fotballen starta.