Hopp til innhold

Trenar og spelarar skuffa over laginnsatsen mot Kongsvinger

Verken trenar Harald Aabrekk eller spelarane var nøgde etter 2-1 tapet mot Kongsvinger laurdag.

Video Sogndal tapte mot Kongsvinger på La Manga

- Det sprudlar ikkje akkurat av spelet, og det må det gjere skal vi klare oss i eliteserien, seier Sogndal-trenar Harald Aabrekk etter kampen.

For med to baklengsmål klarte Sogndal aldri å ta igjen Kongsvinger under treningskampen på La Manga laurdag.

Med mål av Ulrik Flo klarte sognelaget å redusere, men det vart med 2-1.

Også Kenneth Udjus, som vart henta frå Brann før denne sesongen, er skuffa over resultatet.

- Vi har godt av å få oss ein på trynet og kome oss ned att på jorda, seier Udjus etter kampen.