NRK Meny
Normal

Aabrekk vil ha Flo på diett

Med Håvard Flo attende på fotballbana, ynskjer trenar Harald Aabrekk at stryningen legg vekk «kosematen».

Video Sjå høgdepunkta frå Sogndal - Ranheim

Sjå høgdepunkta frå serieopninga mellom Sogndal og Ranheim.

40-åringen utgjorde ingen stor trussel for gjestande Ranheim då Sogndal vann 2-1 i seriepremiera i 1. divisjon måndag. Men det vil kanskje endre seg når trenar Harald Aabrekk får sett i gong nokre tiltak, som også kan falle i smak hos Fru Flo.

- No må han inn på diett. Kosematen må vekk, og han må ned nokre kilo. Då er han der, ler trenar Aabrekk.

Gir Fru Flo æra

Avgjerda om comebacket sat veldig langt inne. Verken spissen sjølv eller kona hans Anne Grete hadde noko comeback på agendaen for 2010. Etter ein lang overtalingsprosess, vart det likevel ja. Og trenar Aabrekk veit kven som må takkast.

Håvard Flo

40-åringen Håvard Flo i kjent stil i oppgjeret mot Ranheim - eit og eit halvt år etter at han la opp som fotballspelar.

Foto: Simon Solheim / NRK

- Som den gode eidaren ho er, så gir eg gjerne ho æra for det. Eg tykte det var stort gjort av familien Flo å ta eit tak når situasjonen er som han er, seier han.

Måtte ovartalast

- Det var ikkje slik eg hadde førestilt meg dette året eigentleg, seier Anne Grete Flo og vedgår at ho måtte overtalast til å bli fotballenke endå eit år. Om same spørsmål dukkar opp før 2011-sesongen, blir svaret eit heilt anna.

- Då blir eg ikkje like positiv. Det blir nok med denne sesongen, held ho fram.

- Såg «potensiale»

Flo kom inn som innbyttar etter vel timen i sin 296. obligatoriske kamp for Sogndal. At det no kan bli fleire enn dei 109 måla han førebels står bokført med, hadde han ikkje planar om i det heile.

- Eg var med i vinter og trena. Harald såg potensiale av restane, referer Trond Fylling. Det sat veldig, veldig langt inne. Eg tok eit val til slutt og vonar eg har gjort eit klokt val, både for meg sjølv og laget. No har eg ei god magekjensle, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser