Hopp til innhold

Aabrekk vedgår at det hastar

Sogndal-trenar Aabrekk vedgår at 2011-sesongen har kome heilt skeivt ut. Etter Sarpsborg-tapet hastar det med å ta poeng.

Harald Aabrekk under Sarpsborg - Sogndal 2011
Foto: Olsen, Linn Cathrin / SCANPIX

- Vi har kome skeivt ut. Vi skulle helst sett at vi fekk med oss eit poeng her i dag, men vi miste konsentrasjonen litt etter 20 sekundar og så står det 1-0. Då er det tungt mot eit ballsikkert Sarpsborg-lag, sa Aabrekk etter å ha tapt 1-0, og dermed gått på det tredje tapet av tre moglege i år.

Sogndal er no einaste lag i eliteserien utan poeng . Dei greidde aldri å svare på Jo Nymo Matland si skåring etter knappe to minuttar. I banespelet vart dei fullt på høgde med Sarpsborg resten av kampen, men framfor mål såg det aldri ut som noko skulle skje, og dermed vart det med Sarpsborg sitt eine mål.

Kunne gått betre, og verre...

- Med litt flaks kunne me fått med oss eitt poeng, men det kunne også stått fleire baklengs. Vi må utvikle oss vidare. Vi er ikkje så veldig langt unna dette nivået, seier Aabrekk etter kampen mot laget som hamna to poeng bak Sogndal i 1. divisjon i fjor.

- Det er synd vi øydelegg for oss sjølv ved å ikkje følgje med på den første dødballen. Det er heilt klart for dårleg, men derifrå og ut tykkjer eg det er jamnspelt og det kunne bikka begge veger, seier Ole Jørgen Halvorsen.

Sarpsborg scorer mot Sogndal

KALDDUSJ: Allereie etter to minuttar kunne Sarpsborg-spelarane juble.

Foto: Olsen, Linn Cathrin / SCANPIX

- J****g tøft vidare

Han kom til Sogndal frå Sarpsborg i 2009, og har framleis ikkje opplevd anna enn nederlag når han har reist tilbake til heimbyen med Sogndal.

- Vegen vidare blir j****g tøff, unnskyld uttrykket. Ting går ikkje vår veg om dagen, seier Halvorsen.