Hopp til innhold

Aabrekk ser konturane av eit lag

- Vi ser no konturane av ein førsteelvar, og vi skal skape ein situasjon kor spelarane har noko å strekkje seg etter, seier Sogndal-trenar Harald Aabrekk.

Harald Aabrekk

Harald Aabrekk meiner han ser konturane av ein førsteelvar.

Foto: Arve Uglum / NRK

Sogndal tek i dag imot Skarbøvik i Sognahallen. Som planlagt stiller Aabrekk med eit heilt anna lag enn i torsdagens flaue 2-3 tap for Årdal .

- Toppnivået til spelarane er høgt. No gjenstår å nytte tida til å skjerpe konkurransen. Velgje spelarar som taklar press og å legge til rette for ei positiv retning der alle medverkar inn mot å bygge ei prestasjonsgruppe, seier han til sogndalfotball.no .

Høgt nivå i 90 minutt

1. divisjonsklubben har variert veldig i prestasjonane så langt i vinter. Medan dei første 45 minutta mot Aalesund var oppløftande, vart det ein dertil nedtur torsdag. Mot Skarbøvik har Aabrekk sett eitt mål for laget.

- Det klaret målet inn mot denne kampen er å fullføre eit høgt nivå over to omgangar, seier han til nettsidene.

Sogndal stiller med følgjande tropp: Piotr Leciejewski, Terje Skjeldestad, Joseph Bendik, Per Egil Flo, Even Hovland, Lars Grorud, Gøran Wigum, Erlend Kvalheim, Richard Kentish, Henrik Furebotn, Mats Solheim, Harald Stormoen, Ole Jørgen Halvorsen, Mohammed Sessay, Ørjan Hopen, Elvis, Espen Olsen, Tommy Øren, Ulrik Flo, Mustapha Cissé.