Hopp til innhold

Aabrekk til NRK: - Nei, eg har ikkje sagt opp i Sogndal

Sogndal-trenar Harald Aabrekk avviser overfor NRK rykteflaumen om at han har sagt opp stillinga si i protest.

Harald Aabrekk
Foto: Rune Fossum

Det rår fullt kaos i Sogndal Fotbal: I heile dag har det pågått ein hektisk møteaktivitet, og rundt klubben svirrar ryktene at Harald Aabrekk har sagt opp jobben som hovudtrenar med umiddelbar verknad.

Ingen vil kommentere saka

Den einaste kommentaren som har vorte gitt frå Sogndal Fotball i dag stammar imidlertid frå Aabrekk sjølv, og den var kort og konsis:

– Dette må du ta med den som har tipsa deg om det.

– Men stemmer det at du har sagt opp stillinga di?

– Nei, det gjer det ikkje. Men no må du gå. Vi sit i eit møte, seier han, let att døra og går inn att i kontoret han deler med sportsleg leiar Trond Fylling.

Kort tid etterpå kjem Fylling hastande ut frå kontoret. På spørsmål om kva som skjer ristar han på hovudet og svarar «ingenting».

Samtidig trente Sogndal sitt førstelag på Kaupanger, utan at Aabrekk var til stades på treninga. Der vart assistenttrenar Håvard Flo konfrontert med ryktene om Aabrekk sin avgang, men ville korkje kommentere, stadfeste eller avkrefte ryktene.

Betent forhold til dagleg leiar

På eitt av nabokontora sat dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal i eit møte med marknadssjefen i klubben, Rasmus Mo. Ingen av dei ville heller kommentere noko som helst rundt klubben.

Forholdet mellom Aabrekk og dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, skal ha vore betent lenge.

Det var etter eit møte mellom dei to før sesongen at Aabrekk bestemte seg for at han ikkje ville diskutere fornying av kontrakta si med Sogndal som går ut etter denne sesongen.

Kontroversiell utlysing

Årsaka til at situasjonen no har spissa seg til skal i følgje rykta rundt klubben vere at klubben sin medisinske ansvarlege, Kim Are Jacobsen, og fysisk trenar Eirik Nedrehagen, skal ha fått sagt opp kontraktene sine. Jacobsen har ikkje fått noko forvarsel på at han var på veg ut, før han såg at stillinga som medisinsk koordinator var lyst ut på nettstaden manuellterapi.no.

NRK snakka med Jacobsen onsdag kveld, men då ville han ikkje kommentere si eiga framtid i klubben.

Nedrehagen og Jacobsen er svært nære og betrudde medarbeidarar av Harald Aabrekk, og har vore rekna som ein medverkande faktor til laget sin suksess dei to siste sesongane.

På direkte spørsmål om det stemmer at Jacobsen og Nedrehagen har fått sagt opp kontraktene sine, avviser Mundal dette utan å ville kommentere ytterlegare.