Hopp til innhold

Aa Djupvik satsar på pallplassar

Langrennsløparen Roger Aa Djupvik, satsar no fullt på langløp den kommande sesongen og trenar hardare enn nokon gong.

Roger Aa Djupvik

GULLGUTT?: Langrennsløparen frå Hyen satsar fullt på langløp denne sesongen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Langrennshåpet frå Hyen i Gloppen gjekk nyleg frå Lillehammer SK til det svenske langløpslaget Team Coop, tidlegare Team Expirit.

– Eg prøvde meg litt på langløp i fjor og tykkjer det var veldig spennande. No vil eg satse skikkeleg på det, og sjå om eg kan gjere det enda betre. Det blir hovudfokuset denne sesongen, seier Roger Aa Djupvik.

Aa Djupvik representerte Norge i Tour de Ski i 2010 og vart nummer 19 samanlagt. Førre sesong vart 30-åringen nummer to totalt i Birkerbeinerrennet og ønskjer no å prioritere slike løp.

Under Ski-NM på Voss i Januar i år hamna Aa Djupvik på 12. plass og fekk beste plassering for Sogn og Fjordane.

Vil på pallen

Aa Djupvik satsar på Ski Classics som er ein verdscup for langløp. Her finn ein dei største renna som Vasaloppet, Birkebeinerrennet og Marcialonga.

– Kva ambisjonar har du for sesongen?

– Eg håpar på fleire pallplassar i dei største langløpa. Så målet er å klare å vere på pallen i nokre av dei renna.

– Satsar du på gull?

– Alltid lov å håpe på gull.

I godt selskap

I det svenske langdistanselaget har Aa Djupvik selskap av mellom anna tsjekkiske Lucas Bauer og svenske Oskar Svärd.

– Det er inspirerande å vere ein del av Team Coop. Eit langløpslag der alt vert lagt til rette for å gjere det bra i dei største langløpa. Det er eit lag med mykje gode løparar og fleire har ein del erfaring frå den typen løp. Så eg lærer mykje.

Team Coop var nyleg på samling i Ramsau og skal på ei snøsamling no i starten av november og ei i desember.

– Det blir mykje trening fram mot jul. Elles trenar eg meir no enn eg har gjort. Det vert eit anna fokus på treninga sidan det er lengre løpstid.