Hopp til innhold

A-kraft med underskot

A-kraft i Lærdal har sjudobla driftsinntektene på tre år. Samstundes har underskotet auka, det melder Sogn Avis. Dagleg leiar Ørjan Bøyum seier at underskotet er etter planen, og at det vil bli dekka inn av morselskapet Lærdal energi. Han håpar at dei vil klare å gå med overskot frå og med inneverande år.