NRK Meny
Normal

«Vision of The Fjords» tilbake i rute

Båten «Vision of The Fjords» er no godkjent av Sjøfartsdirektoratet og tilbake i rute på Nærøyfjorden etter problema som oppstod søndag.

Vision of the fjords

TILBAKE PÅ SJØEN: Frå onsdag er «Vision of The Fjords» tilbake i normal rute.

Foto: Arne Veum / NRK

– Status er at alle underskrifter og papir er i orden. Vi gjekk i rute frå Flom klokka 10 i dag.

Det fortel Rolf Sandvik, som er dagleg leiar i reiarlaget The Fjords.

– No har vi 50 gjestar om bord. Dei er glad for at dei slipp å reise med ein av dei gamle båtane vi har.

Fekk godkjenning i dag

Sandvik har sidan måndag venta på at Sjøfartsdirektoratet skal komme og godkjenne båten, slik at den formelt har lov til å gå i rute. «Vision of The Fjords» slokna med 41 personar om bord, søndag.

Sandvik fortel at godkjenninga frå Sjøfartsdirektoratet gjekk overraskande greitt.

– Det har gått over all forventning, direktoratet har vore veldig tilgjengeleg for godkjenning. Eg frykta at det skulle gå enda lengre tid, men vi har jobba døgnet rundt for å få båten i drift igjen så kjapt som mogleg.

– Kjem ikkje til å skje igjen

Båten er verdas første hybridskip i karbon, og gjekk sine første ruter i juli. Sandvik fortel at ein må forvente feil på ein båt som er den første av sin type.

– Det er vanskeleg å vite kva som kan oppstod på ein prototype av ein slik båt. Det er mykje nytt, og mykje som kanskje kan gå feil. Og det gjer det som regel på nye båtar, fortel Sandvik om problema med den spelar nye båten.

Han føler seg trygg på at problema med båten no er historie.

– Vi er sikra på at det ikkje skal skje noko liknande igjen.