Hopp til innhold

«Vi veit at det er minutt som tel»

Sjukehusaksjonen i Nordfjord går til motangrep på sjukehustoppar og ordførarar. – Er Volda kortast skal pasienten til Volda, seier nestleiar i aksjonen Marita Aarvik.

Marita Aarvik

TIL VOLDA: Er pasienten akutt sjuk er reisetid avgjerande, og er Volda kortast må pasienten dit, meiner Marita Aarvik og sjukehusaksjonen.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Under eit stormøte mellom helsetoppar, stortingsbenk og lokalpolitkarar tidlegare i veka, tok både den tidlegare leiaren for framtidas lokalsjukehus, Odd Søreide, og Eid-ordførar Alfred Bjørlo, eit oppgjer med sjukehusaksjonistane. Med adresse til «enkelte aksjonistar», sa Bjørlo mellom anna:

– Nokre har prøvd å skape eit bilete av at sjukehuset på Nordfjordeid er lagt ned, og ingenting kunne vore fjernare frå sanninga.

Eit slikt utspel likar Aarvik og sjukehusaksjonen dårleg.

– Eg reagerer på at det blir framstilt som at sjukehusaksjonen ønsker at folk skal bruke Volda sjukehus framfor Nordfjord sjukehus. Det er absolutt feil. Sjukehusaksjonen har heilt sidan oppstarten jobba for at ein skal ha gode tilbod på Nordfjord sjukehus. Tilboda som finst på Nordfjord sjukehus, skal brukast på Nordfjord sjukehus, seier ho.

– Er Volda kortast, skal dei til Volda

Men ved akutte situasjonar skal alltid reisetid vere avgjerande, meiner ho.

– Då skal det vere legen sitt val og ansvar å sende pasienten den kortaste vegen til akuttmedisinsk behandling. Vi veit det ofte er minutt som tel, og at det ikkje alltid er like lett for luftambulansen å kome til i våre område.

– Dersom folk må køyrast til Volda for å få den raskaste akuttmedisinske behandlinga, er det det som må til. Utover det har folk fritt i sjukehusval, seier Aarvik.

– Kan ikkje kallast lokalsjukehus

Gjennom «framtidas lokalsjukehus» er Nordfjord sjukehus blitt eit pilotprosjekt som vekkjer interesse over heile landet, men sjukehuset har òg ei lang forhistorie med nedlegging av fødeavdelinga og den ortopediske aktiviteten.

– Er du samd med dei som seier at det har blitt bygd opp eit godt tilbod på Nordfjordeid no, Aarvik?

– Det burde aldri ha vorte bygd ned. At ein har fått tilbake ein del tilbod er kjempeflott, men framleis er det etter mi meining langt i frå nok. Å ha to, tre akuttsenger for hjarte- og andre indremedisinske behandlingar synest eg ikkje er godt nok til å kallast eit lokalsjukehus. Eg håpar verkeleg Helse Førde og Helse Vest kjenner si besøkelsestid, og ser at folk som bur perifert har same rett på akuttmedisinsk behandling som folk i byar og tettbygde strøk, seier ho.