NRK Meny

«Vestland» vert nytt fylkesnamn

Fylkesutvalet brukte måndag berre to minutt på spørsmålet om kva storfylket på Vestlandet skal heite. No spelar Sogn og Fjordane og Hordaland saman inn namnet «Vestland», skriv Firda. Tidlegare har fylkespolitikarane spelt inn overfor kommunaldepartementet namnet «Vestlandet», som vart dårleg likt i nabofylka.

Vegopning på Bergum i Førde kommune